Mons Aslaksen Somby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mons Aslaksen Somby
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. februar 1825
Kautokeino kommune
Død

14. oktober 1854 (29 år)
Alta

Far Aslak Olsen Somby
Mor Inger Monsdatter Siri
Gravene til Mons Aslaksen Somby og Aslak Jacobsen Hætta

Mons Aslaksen Somby (13. februar 182514. oktober 1854) var ein av leiarane for flokken som gjekk til åtak på dei norske huslydene under Kautokeino-opprøret i 1852. Under opprøret vart handelsmannen og lensmannen drepne, mange vart piska, eit hus vart nedbrent og eit anna rasert.

Eit snautt år tidlegare hadde han blitt dømd til 15 dagars fengsel på vatn og brød for å ha vore med og hindra gjennomføringa av gudstenester i Skjervøy kyrkje sommaren 1851. Bror hans fekk same straffa, medan syster hans fekk 10 dagars fengsel på vatn og brød.

Mons Somby og syskena hans vart «omvende» under den læstadianske vekkinga på slutten av 1840-talet, men dei høyrde til ei ytterleggåande gruppe, som tidleg på 1850-talet ikkje lenger tok imot råd frå Lars Levi Læstadius. Etter at mange av trusfellane deira vart dømde til bøter eller fengsel, samla dei seg sommaren 1852 i ein stor siida, leia av Aslak Somby, far til Mons. Det var folk frå denne siidaen som gjennomførte Kautokeino-opprøret.

Etter opprøret[endre | endre wikiteksten]

Mons hadde to sysken som deltok i opprøret. Broren Ole Somby, 25 år, døydde av hjernerysting etter at han vart slegen i hovudet med ein klubbe då han forsøkte å rømme under fangetransporten frå Kautokeino til Alta. Det var lagt ned påstand om dødsstraff for systera Marit Somby, men ho døydde i fengselet før saka kom til doms. Far deira, Aslak Olsen Somby, vart dømd til livsvarig straffarbeid. Mor deira, Inger Monsdotter Siri, som var 60 år under opprøret, var tiltalt, men frikjend.

Mons Aslaksen Somby og Aslak Jacobsen Hætta vart avretta ved halshogging på Elvebakken i Alta 14. oktober 1854.

Etter halshogginga vart dei hovudlause kroppane gravlagde utanfor Kåfjord kyrkjegard ved Alta. Hovuda vart sende til Anatomisk institutt ved det Kongelege Frederiks Universitet i Oslo. Hovudskallane vart starten på De schreinerske samlinger.

I 1985 kravde ein slektning av Mons Somby å få hovudskallen utlevert. Anatomisk institutt motsette seg kravet om utlevering, og viste til at skallen var instituttet sin eigedom og at den som kravde han utlevert ikkje var direkte etterkommar etter Mons Somby. Instituttet peikte òg på at Mons Somby var ein brutal mordar som no vart freista gjort til martyr. Etter at NRK Finnmark slo opp saka i 1996, tok presidenten i Sametinget spørsmålet opp med universitetsleiinga. Denne gongen vedtok kollegiet å utlevere Mons Sombys hovudskalle til Samisk kulturminneråd.

I november 1997 vart hovudskallane til Mons Somby og Aslak Hætta gravlagde ved Kåfjord kyrkje i Alta, på same staden som kroppane etter tradisjonen skulle liggje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]