Monte Zebrù
| Monte Zebrù | |||
| fjell | |||
Monte Zebrù i midten, med Königspitze til venstre og Ortler til høgre | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fjellkjede | Ortleralpane | ||
| Høgd | 3 735 moh. | ||
| Førstestiging | 1866 | ||
| Koordinatar | 46°29′36″N 10°32′53″E / 46.49333°N 10.54806°E | ||
![]() Monte Zebrù 46°29′36″N 10°32′53″E / 46.493333333333°N 10.548055555556°E | |||
| Wikimedia Commons: Zebrù | |||
Monte Zebrù er eit 3 735 meter over havet høgt fjell i Ortleralpane, på grensa mellom provinsane Bolzano og Sondrio i Italia. Fjellet består av to toppar, nordvesttoppen er 11 meter høgre enn sørausttoppen (3 724 moh). Dei to toppunkta er i kring 400 meter frå einannan, mellom dei strekker seg ei for det meste skavldekt egg. Frå hovudtoppen går skarpe egger over mot dei høgste fjelltoppane i Ortleralpane, i sør Königspitze og i nord Ortler. Også desse eggene består av kvasse skavlar.
Toppen av Monte Zebrù vart nådd fyrste gongen den 29. september 1866. Fjellføraren Johann Pinggera frå Sulden var då i fylgje med den austerrikske-ungarske alpeforskaren og kartografen Julius Payer. Toppen er i dag rimeleg lett å nå frå Rifugio Quinto Alpini og eit ynda utsiktspunkt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Monte Zebrù» frå Wikipedia på tysk, den 19. september 2014.
