Montone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Montone i Italia.

Montone er ei elv i Romagna i Italia. Ho er den første av elvane med utspring i Appenninane frå nord som ikkje er ei av sideelvane til Po, men i staden munnar ut i sjøen.

Elva renn gjennom San Benedetto in Alpe, Portico di Romagna, Bocconi, Rocca San Casciano, Dovadola, Castrocaro, Terra del Sole, Forlì og etter å ha mottatt vatn frå Rabbi renn ho mot Ravenna med namnet Fiumi Uniti («Samla elvar»).

Slaget ved Ravenna vart utkjempa nær staden der elva renn saman med Ronco i 1512. Ei anna sideelv er Acquacheta som er kjend sidan Dante Alighieri nemnde ho i Den guddommelege komedie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]