Den guddommelege komedie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Den guddomelege komedie (it. La Divina commedia), skrive av florentinaren Dante Alighieri mellom 1308 og 1321, vert rekna som det viktigaste eposet i italiensk litteratur, og eit viktig verk i verdslitteraturen.

I Michelino si freske ser me Dante med eit eksemplar av Divina commedia. Bak han kan ein sjå portane inn til Helvetet, dei sju terrassane av Skiringsheimen og byen Firenze. Over han kan ein sjå sfærene i Paradiset.


Omsetjing til norsk[endre | endre wikiteksten]

Hans Rytter byrja ei attdikting til nynorsk, som vart fullført av Sigmund Skard. Dette har lenge vore den rådande norske utgåve av Komedien. Ei nyare omsetjing av Magnus Ulleland er særs nær originalen, men kan vera tunglesen. Ulleland skriv i føreordet sitt at han freister å ta vare på den munnlege stilen Dante sjølv sprang utor:

"Nokre lesarar vil kan hende meine at min hendekasyllabos har ein noko ujamn og "knudrete" gang, men eg har ikkje lagt så mykje vinn på å få ein jamn verserytme, fordi Dante sjølv ikkje har synderleg mange skruplar i så måte, men mest fordi eg har villa seie det Dante seier, korkje meir eller mindre." (Ulleland, 2000).

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Komedien er bygd opp i tre bolkar, Inferno (Helvete), Purgatorio (Skiringsheimen), og Paradiset. Kvar bolk har 33 songar, pluss ein opningssong, slik at talet på songar vert hundre i alt. Den første, vandringa, vert rekna til Inferno-delen.

Handlinga byrjar med at Dante går einsam i ein forvillande skog, og råker på diktare Vergil. Vergil fekk bod frå Beatrice, st. Lucia og Maria Møy og at Dante var i naud, og er beden om å syne han vegen gjennom helvete.

Helvete[endre | endre wikiteksten]

Hjå Dante er Helvete delt inn i ni krinsar som smalnar nedetter til midten av jorda. Opninga til Helvet kan ein finne meir eller mindre beint under Jerusalem, som vart rekna som midten av verda på Dante si tid.

Innanfor porten til Helvete finn ein først dei likesæle, som vert plaga av mengder med fluger og veps, og som er dømde til å renne utan mål og meining etter ei fane som støtt flytter på seg. Desse tykkjest vera uhorveleg mange, men er rekna som gløymde. For å kome vidare lyt Dante krosse elva Acheron.

  • første krinsen, Limbus, er staden for dei ikkje døypte borna og dei rettvise heidningane. Desse er berre skulda for at dei ikkje vart rekna til kristenlyden, og er gjevne ein stad som liknar paradiset. Her møter Dante ei rekkje klassiske filosofar og diktarar, mellom dei Homer, Platon, Aristoteles, Sokrates, og dessutan Julius Cæsar. Vergil er og plassert her.
  • Andre krinsen er for dei vellystige, dei som ikkje makta å stagge kjøtets lystar. Mellom andre finn ein her Francesca da Rimini, ei adelskvinne frå samtda. Dei som held til her vert æveleg plaga med loger.
  • tredje krinsen er for fråtsarane.
  • Fjerde krinsen er esla gnikarar og sløsarar.
  • femte krinsen er for dei vreide og sturne.

Alle desse krinsane ligg ovanfor elva Styx. Dei som hamna her, låg under for dødssyndene på eit eller anna vis.

  • Etter Styx kjem dei farande til Helvetsbyen Dis, som er sjette krinsen i Helvete. Her held kjettarane til. Her møter dei og dei tre furiene.
  • Sjuande krinsen er delt i tre ringar. Her finn ein valdsmenn og lovbrytarar, valdsmenn mot nesten, dei som gjorde val mot seg sjølve, eller selvmordarane, og sistpå dei som gjorde vald mot naturen og Gud.

Etter den sjuande krinsen kjem Dante til eit ovende stort stup der dei farande treng hjelp frå udyret Geryon. Dei to siste krinsane ligg nedanfor:

  • Åttande krinsen er delt opp i 10 "gøymsler": Forførarar, smækjarar, simonistar, sannseiarar, snuskarar, hyklarar, tjuvar, dårlege rådgjevarar, kivspreiarar og sistpå falsknarar. Her finn ein med andre ord ulike slag løgnarar.

Nedanfor åttande krinsen ligg det nok eit stup, og nedanfor her finn ein siste krins i Helvete:

  • Niande krinsen er esla svikarar av ulike slag. Krinsen er delt opp i fire ringar. Øvst finn ein dei som sveik slekt, deretter dei som sveik fedrelandet, så dei som sveik vener og bordfeller, og aller nedst dei som sveik velgjerarar. Desse er det fire av: Brutus og Cassius som drap Caesar, Judas Iskariot som sveik Jesus, og endeleg Satan sjølv, som stod opp mot Gud.

Skiringsheimen[endre | endre wikiteksten]

Skiringsheimen er på eit høgt berg, Skiringsfjellet. Hit kjem Dante etter å ha fare gjennom jorda og ut på andre sida. Nedanfor porten finn Dante dei sjelene som skal opp, først dei bannlyste, så dei forsømelege, dei som vart drepne ved vald, og så fyrstane, med og utan avlat.

Ved porten til sjølve Skiringsheimen sit det ein engel med nøklar som har løyve til å opne for dei. Han set sju teikn på panna til Dante, som vert viska av ettersom han fer oppetter berget. Berget er delt inn etter dei sju dødssyndene.

  • Første ramma: Dei hovmodige, bøygde til jorda under tunge bører.
  • Andre ramma: Dei avundssjuke, som sit med attsydde augelok.
  • Tredje ramma: Dei vreide, som vert plaga med loger og eld.
  • Fjerde ramma: Dei trege eller late, tvinga til å renne snøgt ikring.
  • Femte ramma: Gnikarar og sløsarar.
  • Sjette ramma: fråtsarar, som er tvinga til å svelte.
  • Sjuande ramma: dei vellystige.

Ovanfor desse finn Dante det jordiske paradiset, og møter att Beatrice, ungdomskjærleiken han seinare gløymde. Før han får løyve til å fara opp til paradiset, lyt han vaske seg i elva Lethe, og gløyme den tidlegare synda si. Han vert óg tilgjeven av Beatrice. Når han er komen hit, seier Vergil farvel til han, av di han ikkje har løyve til å følgje Dante lenger.

Paradiset[endre | endre wikiteksten]

Paradiset er avdelt i himlar etter den ptolemeiske modellen. På kvar himmel er det fest ein planet, og kvar planet syner ånder som på eit vis er knytt til den planeten, sjølv om dei alle er like sæle i same paradistilvære.

  • Månen er staden for dei som ikkje var faste i trua.
  • Merkur er staden for dei ærekjære.
  • Venus er staden for dei som ikkje synte full styrke i kjærleik.
  • Mars er staden for truskjemparane.

Ovanfor her finn ein Primum Mobile eller fiksstjernehimmelen, og så Himmelrosa.

I Himmelrosa sit mange frå Bibelen og ei rekkje helgenar. Først Maria Møy, st. Peter, Adam, Moses og evangelisten Johannes. Nedanfor Maria sit Eva, Rakel og Beatrice, Sara, Rebekka, Judit og Rut.

På hi sida sit Augustin, Benedict av Nursia, Frans av Assissi, Lucia og døyparen Johannes, dessutan Anna, mor av Maria Møy.

Over Himmelrosa flyg englekora kring gudstrona i ni krinsar, og øvst finn Dante Gud, synt som tre ringar, Faderen, Sonen og den heilage anden.

Øvst i paradiset stansar Beatrice, og siste luten av ferda er Dante synt vegen av Bernhard av Clairvaux.

Ei vanleg tolking er at Vergil tyder fornuften, og Beatrice teologien. Bernhard, som syner Dante fram den siste vegbeten tyder mystikken, sidan teologien ikkje gagner meir når ein kjem for nær Gud.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den guddommelege komedie
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.