Morogoro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morogoro
Land  Tanzania
Areal 360 km²
Folketal 207 000 (2002)
Kart
Morogoro
6°49′27″S 37°39′48″E / 6.8241666666667°S 37.663333333333°E / -6.8241666666667; 37.663333333333
Wikimedia Commons: Morogoro
Morogoro sentrum

Morogoro er ein by i Tanzania som ligg 200 km frå Dar-es-Salaam og er regionshovudstad i Morogoro-regionen. Ved folketeljinga i 2002 hadde byen 228 863 innbyggjarar.

Byen ligg i nærleiken av Uluguru-fjella. Han er eit landbrukssenter, huser mellom anna Sokoine landbruksuniversitet. Her ligg òg det økonomiske universitetet i Tanzania, IDM (Institute of Development Management).

Morogoro er ein kjend by innan tanzaniansk musikk. Salim Abdullahs kubanske marimbaband er frå Morogoro, det same var songaren og gitaristen Mbaraka Mwinsheshe. Byen er òg kjend for fotballklubbane sine.

Morogoro er eit knutepunkt for vegane mellom Dar-es-Salaam og hovudstaden i landet Dodoma og mellom Dar-es-Salaam og Mbeya. Det går tog frå Morogoro til Dodoma, Mwanza og Kigoma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]