Morskie Oko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Morskie Oko
innsjø
none  Morskie Oko er kjend for det djupe og klåre vatnet.
Morskie Oko er kjend for det djupe og klåre vatnet.
Utløp Rybi Potok
Høgd over havet 1395 moh moh
Lengd 0 862 km km
Breidd 0 566 km km
Areal 0 3 493 km² km²
Wikimedia Commons: Morskie Oko

Morskie Oko (slovakisk Morské oko; tyder «auge i sjøen») er den største og fjerde djupaste innsjøen i Tatrafjella. Han ligg i Veslepolske voivodskap i Polen, i Rybi Potok-dalen, ved foten av Mięguszowieckifjella og djupt i Tatra nasjonalpark.

Innsjøen[endre | endre wikiteksten]

Morskie Oko om vinteren

Toppane rundt innsjøen stig om lag 1000 meter opp frå overflata. Eit av dei er Rysy (2499 moh), den høgaste toppen i dei polske Tatrafjella. I tillegg til Mięguszowieckie Szczyty (inkludert Mięguszowiecki Wielki, 2438 moh), som ligg lenger borte og litt til venstre, finn ein Mnich («Munken» 2068 moh). Mykje sveitsisk furu veks rundt innsjøen.

Tidlegare vart Morskie Oko kalla «Rybie Jezioro» (Fiskevatnet) på grunn av fiskebestanden som var her, noko som er uvanleg i Tatrasjøane. I det klåre vatnet er det lett å få auge på aure. Namnet Morskie Oko tyder «Auge i sjøen», som kjem av ei gammal segn som hevdar at innsjøen var forbunde til sjøen via ein undergrunnspassaje.[1]

Hytta til den polske turistforeininga (PTTK) står ved morenen som lukkar innsjøen i nord. Hytta ligg 1405 meter over hvaet og er den eldste i fjella. Hytta er kalla opp etter Stanislaw Staszic, som utforska innsjøen i 1805.

Morskie Oko er ein av dei mest populære destinasjonane i Tatrafjella og får ofte over 50 000 vitjande i løpet av ein sesong. Ein kan nå vatnet til fots på rundt to timar frå den næraste vegen. Mange turistar vel å ta turen med hest og vogn, som vert tent av dei lokale innbyggjarane. Om vinteren er eit kort stykke av ruta utsett for snøras.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utsyn mot sjøem med hytta i bakgrunnen
Panorama frå hytta

Morskie Oko vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1575. I 1637 gav den polske kongen Władysław IV Wladyslaw Nowobilski rettane til å nytte engene rundt innsjøen. I 1824 vart Morskie Oko privateigd då eigedomen Zakopane, inkludert Dolina Rybiego Potoku, vart kjøpt frå austerikske styresmakter av Emanuel Homolacs.

Mot slutten av 1800-talet oppstod det ein grensestrid mellom Galicia og Ungarn om rettane til innsjøen og det omliggande området (den såkalla Morskie Oko-striden). Forliksrådet i Graz dømde i Polen sin favær.

Panorama av Morskie Oko

Morskie Oko vart «oppdaga» som turistsstad av Dr. Tytus Chałubiński på 1800-talet. Den første hytta vart bygd i 1836, men brende ned i 1865. Ei anna hytte vart bygd i 1875, men også denne brende ned. Det skjedde i 1898. I 1902 vart det bygd ein veg frå Zakopane, kalla Oswald Balzer-vegen. Sidan 1933 har innsjøen vore eigd av den polske staten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Morskie Oko