Mortar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein mortar nytta under framstilling av salve.
Mortar og støytar laga av støypt bronse.

Mortar er ein handreiskap i form av eit kar av hardt materiale som til dømes messing, støypejarn, stein, porselen, der ein kan knuse eller gni sund bitar av meir eller mindre harde stoff til pulver ved hjelp av ein tilhøyrande støytar, òg kalla pistill.

Mortaren er ein reiskap som har vore nytta i ulike utformingar så å seie til alle tider og på alle stader, ikkje minst i foredlinga av ymse planteprodukt til menneskeføde. L'horrible danse du pilon (Støytarens forferdelege dans), ein av illustrasjonane i verket Côte occidentale d'Afrique (Vestkysten av Afrika) av oberst Frey, 1890.

Mortarar nyttast i kjøkenet til å knuse krydder med til matlaginga, og er elles i bruk på laboratorium, i industriverksemder, og dessutan på apotek i samband med den framstillinga av medikament som går føre seg der.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mortar