Støytar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinstøytar av andesitt frå Kypros frå ca. 1600–1100 f.Kr.

Støytar er ein reiskap som kan brukast til å knusa ting, til dømes i samband med matlaging eller til tradisjonell tilverking av produkt som medisinar og kosmetikk. Ein støytar blir ofte brukt i samband med ein mortar. Støytarar kan vera av mange ulike harde materiale, som stein, tre, metall og i nokre høve glas. Dei er ofte avlange med eit handtak i eine enden, medan den andre enden kan vera tilpassa støyting, til dømes ved å vera avrunda eller svulma ut. Støytarar kan også ha meir avrunda former, og nokre kan ha form som ein rund stein.

Menneske har brukt støytarar sidan steinalderen i sein pleistocen. I natufisk kultur blei det laga støytarar og mortarar under siste glasiale maksimum, for mellom 18 000 og 25 000 år sidan. Dette fann stad samtidig med at ein byrja bruka ville kornslag og etterkvart byrja å dyrka dei.[1]

Mat[endre | endre wikiteksten]

Støytarar kan brukast til å gjera planteprodukt høvelege til å eta, som ved tresking av korn eller knusing rotvekstar som jams, maniok, taro[2] eller bregnar.[3] Dei kan også brukast til å knusa heile krydder til pulver, eller laga ein masse av krydder, urter og andre smakssetjarar. Slike massar er til dømes eit utbreidd utgangspunkt for matretter frå Søraust-Asia.[4]

Drikke[endre | endre wikiteksten]

Muddler av tre

Ein kan støyta produkt for å gjera dei lettare å blanda med væske, til døms kan kaffibønner støytast til pulver før ein lager kaffi av dei.

Spesialstøytarar kan brukast til å knusa og blanda ingrediensar i drinkar. Denne typen støytar kan ein også kalla ein «muddler»,[5] av engelsk muddler, 'samanblandar'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. K. Wright (1991). «The Origins and development of ground stone assemblages in Late Pleistocene Southwest Asia». Paleorient. 
  2. 2,0 2,1 «Bird-shaped pestle». A History of the World. BBC. Henta 9. desember 2017. 
  3. «Patu aruhe, fern root pounders, used in pounding the rhizomes of bracken (Pteris) that formed an important food supply. — H. Hamilton photo». THE MAORI - VOLUME I. Victoria University of Wellington. Henta 9. desember 2017. 
  4. «Kitchen Essentials for Southeast Asian Cooking Basic tools and equipment for cooking Southeast Asian food». about food. Section 2. Mortar and Pestle to Make the Best Spice Pastes. Henta 9 desember 2017. 
  5. «Muddler - eksklusiv». Festutstyr.no. Arkivert frå originalen 10. desember 2017. Henta 9. desember 2017.