Morten Bakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Morten Bakke
Fødd 16. desember 1968
Oppland fylke
Yrke fotballspelar

Morten Bakke (fødd 16. desember 1968) er ein norsk tidlegare fotballspelar, best kjend frå tida som målvakt i Molde Fotballklubb.

Bakke spelte på Fåberg IL til 1990-sesongen. I 1991 vart han overført til Molde FK. Han stod i mål for laget då Molde i 1994 sikra seg sin fyrste triumf i norsk toppfotball, kongepokalen i NM-finalen mot oslolaget Lyn. I 1995 vart han tildelt Kniksenprisen som beste målvakt i Noreg.

Bakke spelte to landskampar, begge utanlands om vinteren i høvesvis 2000 og 2001. Under EM i fotball 2000 var han med i troppa som tredjemålvakt. Sesongane 2001, 2002 var han Vålerenga-spelar. Etter å ha vorte vraka som fyrsteval reiste han til Raufoss IL, der han fekk lite speletid i 2003-04.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]