Mount Huckle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 69°38′S 69°48′W
Mount Huckle
fjell
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Fjellkjede Douglas Range
Topp Aleksanderøya
 - høgd 2 500 moh.
 - koordinatar 69°38′S 69°48′W
Administrert under Antarktistraktaten

Mount Huckle
69°37′0″ S 69°48′0″ W
Mount Huckle is located in Antarktis
Mount Huckle (Antarktis)

Mount Huckle er eit hovudsakleg isdekt fjell, 2500 moh, nær nordenden av Douglas Range aust på Aleksanderøya i Antarktis. Det ligg 11 km sør-søraust for Mount Spivey på vestsida av Toynbeebreen og 14,5 km innover frå George VI Sound.[1] Mount Huckle er det fjerde høgaste fjellet på Aleksanderøya.

Fjellet vart truleg først sett i 1909 av Den franske antarktisekspedisjonen under Jean-Baptiste Charcot, men ikkje rekna som ein del av Aleksanderøya. Det vart fotografert frå lufta i 1936–37 av British Graham Land Expedition under John Riddoch Rymill, og kartlagd frå bakken i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS). Fjellet vart kalla opp etter Sydney R. Huckle, ein assistant ved Stonington Island, som hjelpte landmålarane frå FIDS på vestsida av George VI Sound i 1949.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Huckle, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).