Mount Kirkby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mount Kirkby
fjell
Land  Antarktis
Fjellkjede Prince Charles Mountains
Topp Mac. Robertson Land
 - høgd 2 100 moh.
 - koordinatar 70°26′S 65°12′E / 70.433°S 65.200°E / -70.433; 65.200
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mount Kirkby
70°26′00″S 65°15′00″E / 70.433333333333°S 65.25°E / -70.433333333333; 65.25
Mount Kirkby is located in Antarktis
Mount Kirkby (Antarktis)

Mount Kirkby er eit særs stort og markant fjell med flat topp nord i Porthos Range i Prince Charles Mountains i Antarktis. Det ligg kring 5 km aust for Crohn Massif, og er kring 9 km langt frå aust til vest og 4 km breitt ved vestenden. Det har ei høgd på 2100 moh (460 meter over platået). Det vart først vitja av den sørlege gruppa til ANARE leia av William G. Bewsher i desember 1956. Det vart namngjeve av ANCA etter Sydney L. Kirkby, som var landmålar ved Mawson-stasjonen i 1956 og 1960.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Kirkby» (innhald frå Geographic Names Information System).