Mawson-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 67°36′S 62°52′E
Mawson-stasjonen
stasjon
none  Mawson-stasjonen mot David Range.
Mawson-stasjonen mot David Range.
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Stad Mac. Robertson Land
 - koordinatar 67°36′S 62°52′E
Administrert under Antarktistraktaten
Mawson-stasjonen is located in Antarktis
Mawson-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Mawson Station

Mawson-stasjonen er ein av tre permanent australske basar i Australsk Antarktis i Aust-Antarktis. Han er kalla opp etter polfarararen sir Douglas Mawson og vert driven av Australian Antarctic Division (AAD). Han vart opna i 1954 og er den eldste autralske stasjonen i Antarktis stasjon og den eldste permanent busette staden i Antarktis stasjon sør for Den antarktiske polarsirkelen.

Føremål[endre | endre wikiteksten]

Mawson-stasjonen er ein base for foringsprosjekt som omfattar underjordiske detektorar for kosmisk stråling, forskjellige langvarige studiar innan meteorologi, aeronomi og jordmagnetisme, i tillegg til pågåande studiar i bevaringsbiologi, særleg på dei nærliggande hekkestadane for keisarpingvinar og adeliepingvinar.

Mawson-stasjonen husar kring 20 personar om vinteren og opp til 60 om sommaren. Han er den einaste stasjonen i Antarktis som nytta vindturbinar til over 70% av energibehovet, og sparar slik over 600 000 liter diesel i året. Området er tilgjengeleg til sjøs i ein kort periode om sommaren, mellom februar og mars.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1946 gav utanriksminister H.V. Evatt støtte til Douglas Mawson om å opprette ein permanent australsk base i Antarktis.[1] Det gjekk sju år før eit høvande skip, «Kista Dan», kunne leigast inn til å setje opp anlegget sør på kontinentet.

Staden vart valt ut i 1953 av Phillip Law, den første direktøren i AAD, som baserte seg på flyfoto tekne under den amerikanske Operasjon Highjump (OpHjp) i 1946-1947. Han valte ei stor naturleg hamn (Horseshoe Harbour) og dei isfrie klippene for å bygje bygningane.[1] Stasjonen vart bygd i løpet av 1954. Somme små prefabrikkerte hyttar vart nytta dei første åra, men desse vart etter kvart erstatta av modulbaserte bygg med stålramer under ei stor ombygging i 1970-åra.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mawson-stasjonen ligg i Holmevika i Mac. Robertson Land i Aust-Antarktis. Han ligg eit område som Mawson gjorde krav på som britisk territorium og som seinare vart Australsk Antarktis.

I nærleiken ligg Framnesfjella, som dannar eit dramatisk bakteppe ved Mawson-stasjonen. Framnesfjella vart namngjeven i 1930-åra av den norske skipsreiaren Lars Christensen.

Lenger i nordvest ligg Napier Mountains, som først vart vitja av eit landmålingslag frå ANARE frå Mawson-stasjonen i 1960.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Mawson-stasjonen har eit arktisk klima:

Klimadata for Mawson-stasjonen
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 2.6 -1.3 -7.2 -11.8 -13.6 -13.6 -15 -15.6 -14.4 -10 -2.7 2.1 -8,4
Normal min. temp. °C -2.6 -7.3 -13.2 -17.3 -19.3 -19.5 -20.8 -21.7 -20.6 -16.4 -8.2 -3.2 -14,3
Kjelde: Bureau of Meteorology

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Scott, Keith (1993). australian Geographic book of Antarctica. Terrey Hills, New South Wales: Australian Geographic. s. 29—31. ISBN 1-86276-010-1. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]