Mount Rushmore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Fire amerikanske presidentar på éin valdsamt brett: (frå venstre) George Washington, Thomas Jefferson, Theodore Roosevelt og Abraham Lincoln

Mount Rushmore National Memorial, i daglegtale Mount Rushmore, er eit nasjonalt minnesmerke som ligg i Keystone, Sør-Dakota, USA. Minnesmerket omfattar ein park på 5 km².

Mellom 1927 og 31. oktober 1941 laga det dansk-amerikanske skulptøren Gutzon Borglum og 400 andre arbeidarar den 18 meter høge bysta av presidentane George Washington, Thomas Jefferson, Theodore Roosevelt og Abraham Lincoln for å markera landet sitt 150-årsjubileum. Vitjande til parken kjem fyrst og framst dit for å sjå granittskulpturane, men det er òg mogleg å vitja studioet som vart brukt under arbeida, og som vart bygd i 1939 under anvisning av kunstnaren. Her finst unike gipsmodellar og instrument som har tilknyting til arbeida utstilt.

Det amerikanske presidentflyet Air Force One over Rushmorefjellet

Nyleg vart nye fasilitetar for vitjande ferdigstilt etter ein ti år lang byggeprosess. Disse inneheld eit nytt besøkssenter og eit museum, og dessutan ein tursti (The Presidential Trail) som gjev ein betre utsikt til fjellskulpturen.

Rushmorefjellet er tilholdssted for mange dyr og plantar som høyrer til i Black Hills i Sør-Dakota. Dei geologiske formasjonane i hjartet av Black Hills regionen er òg tydeleg i Rushmorefjellet, og inkluderer store samlingar av granitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]