Mount Torii

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mount Torii
fjell
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Topp Victoria Land
 - koordinatar 77°37′S 162°44′E
Administrert under Antarktistraktaten

Mount Torii
77°37′0″ S 162°43′0″ E
Mount Torii is located in Antarktis
Mount Torii (Antarktis)

Mount Torii er eit markant fjell oppom Lake Chad og Lake Hoare, som ragar over nordveggen av Taylor Valley mellom Suessbreen og Canadabreen i Victoria Land. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) (1997) etter Tetsuya Torii (Toriibreen), ein geokjemikar i Japan Polar Research Association, som leia dei japanske forskarane under den geokjemiske undersøkinga av innsjøar og vatn i McMurdo Dry Valleys i løpet av 20 somrar frå 1963 til 1986-87.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Torii» (innhald frå Geographic Names Information System).