Mount Victoria i Wellington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mount Victoria
fjell
Mount Victoria (6585005885).jpg
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Topp Nordøya
Høgd 196 m

Mount Victoria i Wellington
41°17′54″ S 174°47′10″ E
Wikimedia Commons: Mount Victoria
Utyn over Wellington mot nordvest frå toppen av Mount Victoria. Midt i biletet ligg nasjonalmuséet «Te Papa».

Mount Victoria, også kalla Mount Vic, er eit karakteristisk høgdedrag på 196 meter som ligg aust for bysentrum i WellingtonNew Zealand. Sør for dette er eit utspring, Mount Albert, og desse to er bundne saman med ein åskam. Mount Victoria er også namnet til den omliggjande bydelen i Wellington.

Bydelen Mount Victoria er ei blanding av bustads- og forretningsområde og ligg på vestsida av åsryggen ovanfor den sørlege delen av det sentrale forretningsområdet i Wellington. Tilgrensande bydelar, som nesten berre består av bustadsområde, er Oriental Bay, Roseneath og Hataitai.

Government House, bustaden til den newzealandske generalguvernøren, ligg i åssida til Mount Victoria, sør for Basin Reserve idrettsstadion, mellom Mount Victoria og Newtown. Bak denne ligg Wellington Hospital.

Ei gresk ortodoks kyrkje ligg på vestsida av Mount Victoria, og Basin Reserve idrettsstadion og det newzealandske krigsminnesmerket ligg ved foten av fjellet.

Ein vegtunnel, Mount Victoria Tunnel, går gjennom åsryggen og bind saman den sentrale bydelen med flyplassen Wellington International Airport, og med Evans Bay og halvøya Miramar Peninsula.

Panorama av Wellington frå Mount Victoria om kvelden

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]