Mount Victoria i Auckland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mount Victoria i Auckland (eller Takurangamāorispråk) er den høgaste vulkanen i bydelen North Shore i AucklandNew Zealand. Vulkanen hadde utbrot for om lag 20 000 år sidan, og lavastraumane frå utbrota dekkjer no mykje av forstaden Devonport si strandlinje. Ein viktig pa låg eingong oppe i skråningane, og restar av denne er enno synlege.

Åsen har fått namn etter dronning Victoria, og frå toppen er det vidt utsyn over Waitematahamna og den indre delen av Haurakigolfen. Gjennom åra har toppen og dei øvre skråningane til Mount Victoria gjeve rom for ein signalstasjon for skipsfarten, artilleristillingar og ulike militære betongbunkerar, somme av desse er frå 1870-åra. Ein av bunkerane er no tilhaldsstad for Devonport Folk Club, og den lokale tennisklubben held også til på Mount Victoria.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Ewen Cameron, Bruce Hayward and Graeme Murdoch (1997). A Field Guide to Auckland: Exploring the Region's Natural and Historic Heritage. Godwit Publishing Ltd, Auckland. ISBN 1-86962-014-3.
  • Lloyd Homer, Phil Moore and Les Kermode (2000). Lava and Strata: A guide to the volcanoes and rock formations of Auckland. Landscape Publications Ltd, Wellington in association with the Institute of Geological and Nuclear Sciences, Lower Hutt. ISBN 0-908800-02-9.
  • Ernest J. Searle, revised by Ronald D. Mayhill (1981). City of Volcanoes: A geology of Auckland. Longman Paul Ltd, Auckland. ISBN 0-582-71784-1.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]