Mount Woodward

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 54°6′S 36°54′W
Mount Woodward
fjell
Land Flag of South Georgia and the South Sandwich Islands.svg Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane
Topp Sør-Georgia
 - høgd 770 moh
 - koordinatar 54°6′S 36°54′W
Location map South Georgia.png
Locator Red.svg

Mount Woodward er eit fjell, 770 moh, som ligg 2,4 km aust for munningen av Antarctic Bay på nordkysten av Sør-Georgia. Det vart kartlagd av South Georgia Survey i perioden 1951-57, og vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Roswall Woodward frå New Haven i Connecticut, som i 1790 kommanderte ei av dei to første amerikanske selfangarskutene som vitja Sør-Georgia. Den nærliggande Antarctic Bay vart ein gong kalla «Woodward Harbour», men dette namnet har ikkje overlevd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Woodward» (innhald frå Geographic Names Information System).