New Haven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
New Haven
by
Land  USA
Stat Connecticut
County New Haven County
Areal 52 km²
Folketal 134 023 (1. april 2020)[1]
Kart
New Haven
41°18′30″N 72°55′30″W / 41.308333333333°N 72.925°W / 41.308333333333; -72.925
Wikimedia Commons: New Haven, Connecticut

New Haven er ein by i New Haven County i delstaten Connecticut i USA. Byen er ein hamneby ved Long Island-sundet. New Haven var busett av europearar frå 1638, innlemma i delstaten i 1784.

New Haven er den nest største byen i Connecticut, etter Bridgeport. Det bymessig tettbygde New Haven-området, som består av 22 byar og småbyar, har eit samla folketal på ca. 600 000. Yale University, eit av dei best kjende universiteta i verda, ligg i New Haven.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før europearar kom til staden budde urfolk frå quinnipiacstammen i spreidde landsbyar kring den noverande hamna. Nederlendaren Adriaen Block var den fyrste europearen som vitja området, i 1614. I april 1636 kom det rundt 500 engelske puritanarar under leiing av Theophilus Eaton og den geistlege John Davenport hit, i håp om å finna betre levekår enn dei hadde hatt i Massachusetts. I 1640 blei namnet på busetjinga endra frå Quinnipiac til Newhaven. Då det fyrste skipet kolonistane sende heim til Storbritannia fullasta med lokale varer ikkje kom fram til endemålet, fekk kolonien ein knekk. Dette var ein grunn til at Boston og New Amsterdam blei rekna som betre koloniar, og tiltrekte seg ein vekst som kanskje elles ville ha komme i New Haven.

I 1664 blei New Haven etter britisk påtrykk del av kolonien Connecticut. Frå 1701 til 1873 var han ein av hovudstadene i kolonien, før den meir sentrale byen Hartford blei einaste administrasjonsstad. Yale University flytta hit frå Old Saybrook lenger aust i staten og flytta til New Haven i 1716, noko som bidrag til byvekst.

Under den amerikanske revolusjonen hadde New Haven ca. 3 500 innbyggjarar og var ein årestad for revolusjonære idear. Dette førte til at britane besette byen.

New Haven er fødeby til den amerikanske president George W. Bush, sjølv om han voks opp i Texas. På 1960-talet kom han likevel tilbake og studerte fire år ved Yale.

Byen har kalla seg «Cultural Capital of Connecticut», med fleire teater, museum og konsertstader.[2] New Haven hadde det fyrste offentlege treplantingsprogrammet i USA, med fleire fullvaksne tre som mellom anna omfattar alm, slik at han også er blitt kalla «The Elm City».[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
  2. «In New Haven, Art Almost Everywhere You Look». The New York Times (på engelsk). 6. april 2007. ISSN 0362-4331. Arkivert frå originalen 13. februar 2018. Henta 12. februar 2018. 
  3. «They're Putting The "Elm" Back In "Elm City"». Newhavenindependent.org. Arkivert frå originalen 10. juli 2012. Henta 28. september 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: New Haven