Mudo-instituttet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mudo-instituttet er ei kampsportkjede som vert driven i Noreg. På Mudo vert det primært trena tradisjonell taekwondo. Mudo-instituttet blei starta våren 1998 som eit samarbeid mellom fleire av Noregs største taekwondo-institutt. I mars 2008 dag fanst det totalt 18 institutt totalt. På Austlandet er det tolv, på Vestlandet finn ein fire, og i Midt-Noreg er det etablert to institutt.

Mudo er ei samlenemning for ulike kampaktivitetar som til dømes taekwondo. Mudo har utvikla eit målretta treningskonsept som går ut på å komme i form og å lære seg sjølvforsvar med utspring frå taekwondo. Mange hevdar også at treningskonseptet kalla Mudo-metoden, kan bidra til at ein utviklar det mentale og den indre tryggleiken samstundes som ein òg utviklar det fysiologiske.

Mudo-metoden[endre | endre wikiteksten]

Mudo-metoden kan definerast som den måten Mudo lærer bort tradisjonell taekwondo. Det er eit pedagogisk treningsprogram som introduserer ferdigheiter i fasar. Som eit symbol på filosofien bak Mudo-metoden kan ein tenkje seg ein motsett pyramide som er inndelt i tre fasar.

I fase ein er eleven nybegynnar og det er lagt vekt på enkle grovmotoriske bevegelsar som gir eleven raske resultat og meistringskjensler. Målet er at dette vil auke sjølvtilliten til eleven og hjelpe han med å takle ein gradvis auke i krav og vanskegrad i fase to og tre.

Trening[endre | endre wikiteksten]

I Mudo-metoden er kvar enkelt beltegrad delt inn i tre forskjellige treningsemne:

1. Teknikk 2. Sjølvforsvar 3. Sparring

Teknikkdelen er basert på kampposisjonar, blokkeringar, spark, slag og mønster (koreansk; poomsae). I teknikkbiten kan ein finne att forskjellige teknikkar frå til dømes boksing og kickboksing. I treningsemne 2, som er sjølvforsvar, ser ein at mange av teknikkane er tatt frå til dømes Judo. Her lærer ein konflikthandtering og korleis ein nyttar sjølvforsvarsteknikkar. Det tredje treningsemnet tar for seg konkurransesparring. Her lærer ein korleis ein skal bevege seg i kamp, korleis ein skal vinne poeng og korleis ein skal beskytte.

Mudo-instituttet ønskjer eit treningspensum der taekwondoens grunnleggjande verdiar blir tatt vare på, samstundes som det vert nytta effektive treningsmetodar og moderne treningspedagogikk.

Målsetjinga til Mudo er at alle medlemmene skal kunne utvikle sitt fysiske og mentale potensiale gjennom Mudo-metoden. Deretter kan ein overføre dette til det daglege liv på jobb, skole eller i heimen.

MudoBasic[endre | endre wikiteksten]

MudoBasic er ein alternativ treningsmetode kor ein lærer grunnleggjande sjølvforsvar til musikk. Treninga kan minne litt om aerobic som ein finn på treningssenter som til dømes Sats, men har eit grovare teknikksortiment og er basert på slag og spark med høg intensitet.

Gradering[endre | endre wikiteksten]

Beltesystemet
Kvitt 10 cup
Gult 8 cup
Gult 7 cup (grøn stripe)
Grønt 6 cup
Grønt 5 cup (blå stripe)
Blått 4 cup
Blått 3 cup (raud stripe)
Raudt 2 cup
Raudt 1 cup (sort stripe)
Svart 1 dan
Svart 2 dan
Svart 3 dan

Beltesystemet i Taekwondo er inndelt i fargar og gradar. Ein må ha tre evalueringsstriper som indikerer at ein har vore gjennom alle dei tre treningsemna for å kunne delta på ei gradering. Ei bestått gradering er eit symbol på at ein har utvikla seg innan Taekwondo, og kan vere psykisk så vel som fysisk for mange. Graderinga er ikkje nødvendigvis eit symbol på at ein har trena lenge, men at ein har forstått noko.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]