Taekwondo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Taekwondokamp

Taekwondo (태권도) er ein koreansk kampsport som har røter 2600 år attende. I dag er taekwondo ein global olympisk idrett. Namnet betyr «fot, hand, kunst». Taekwondo er meint å skulla skapa god moral og god oppførsel, ikkje valdelege haldningar.

Ein kjempar hovudsakleg med slag og spark, med mest vekt på spark. Deltakarane brukar kvite drakter, med beltefarge etter kva grad dei har.

Dei ulike taekwondo (eller på den tida: Tae Kyon) stilane vart fram til vår tid praktisert på forskjellige kampkunst-skular (kwans), og stilane tok namn etter kvar kwan.

Dei fem viktigaste:

  1. Moo Duk Kwan
  2. Ji Do Kwan
  3. Chang moo Kwan
  4. Chung Do Kwan
  5. Oh Do Kwan

Det er òg viktig å nemne Sang Moo Kwan, ettersom denne kwanen utvikla poomsene (kampmønster). For om lag 50 år sidan vart det haldt eit møte mellom alle kwan-leiarane, der det vart foreslått å gje stilane same namn. Namnet Taekwondo vart bestemt. Sjølv om kwanen vart 'nedlagt' er det framleis mange som brukar kwan namnet saman med Taekwondo.

Beltefargane[endre | endre wikiteksten]

I taekwondo finst desse beltefargane:

Det varierer frå klubb til klubb kva fargar som er med.

Nyttige taekwondouttrykk (koreansk-norsk)[endre | endre wikiteksten]

  • Tae - bruk av fot (til f.eks sparking)
  • Kwon - Knyttneve
  • Do- Veg/kunst
  • Taekwondo - Kunsten å bruke hand og fot (til å forsvare seg)
  • Dojang - Treningssal
  • Dobok - Treningsdrakt
  • Chagi - Spark
  • Jirugi - Slag
  • Makgi - Blokk
  • Hosinsool - Sjølvforsvar
  • Kam sa hamnida - Takk
  • Hana, doll, sett - Ein, to, tre

Filosofi[endre | endre wikiteksten]

Dei ulike stilane innanfor taekwondo byggar på ulike filosofiske grunnlag. Felles for desse grunnlaga er at mykje det referar tilbake til dei fem boda til Hwarang. Choi Hong Hi gjev uttrykk for sitt filosofiske grunnlag gjennom dei fem prinsippane for Taekwon-Do.

  • Ye-Ui, høflegheit
  • Yom-Chi, ærlegdom
  • In-Nae, være uthaldande, iherdig
  • Guk-Gi, sjølvkontroll
  • Beakjul-bool-gul, ukueleg ånd

Desse prinsippane blir vidare formulert i taekwondo-løftet.

  1. Eg skal fylgje reglane i Taekwon-Do.
  2. Eg skal respektere instruktøren og seniorelevane.
  3. Eg skal aldri misbruke Taekwon-Do.
  4. Eg skal bli ein forkjempar for fridom og rettferd.
  5. Eg skal hjelpe til med å byggje ei fredelegare verd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]