Multan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Multan
by
MultanStadt.jpg
Land Flag of Pakistan.svg Pakistan
Map
Multan
30°11′52″ N 71°28′16″ E
Wikimedia Commons: Multan
Klokketårnet i Multan.

Multan er ein by i Panjab i Pakistan. Han ligg nær elva Chenab, 310 km sørvest for Lahore. Multan hadde 1 192 400 innbyggjarar i 1998 og anslått 1,4 millionar i 2005. Han er eit viktig handelssenter med framstilling av bomull-, ull- og metallvarer, gjødsel og glas. Universitetet i Multan er frå 1975.

Historia til Multan kan førast tilbake til 300-talet f.Kr., då byen blei erobra av Aleksander den store. I 712 blei han erobra av det arabiske muslimske riket. I fleire hundreår var Multan ein muslimsk utpost i India. Byen blei erobra av sikhleiaren Ranjit Singh i 181, og av britane i 1849.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Multan (28.02.2013) i Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Multan
Spire Denne geografiartikkelen som har med Pakistan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.