Munthehuset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Munthehuset er namnet på det gamle stovehuset på storgarden Kroken i Luster. Staden har utsikt sørover mot Ornes og Urnes stavkyrkje.

Kroken gard[endre | endre wikiteksten]

Kroken gard var eit gamalt adelssete og ein av dei norske storgardane som er kjende frå mellomalderen. I 1764 overtok kaptein Gerhard Christofferson Munthe som eigar av garden, etter Theiste-slekta. Ytre Kroken vart i Munthe-ætta heilt fram til 1884.

Det var kaptein Gerhard Munthe som starta arbeidet med å byggje Munthehuset. Dette store herskapshuset fekk ved ei utviding i 1840-åra. På denne tida hadde garden fem stovehus, 17 uthus, eit par sagbruk ved Krokaelvi, samt og sjøbuer og kai.

Kultureliten i Munthehuset[endre | endre wikiteksten]

Brudeferden

Munthehuset spelte ei sentral rolle i den nasjonale historia første halvdel av 1800-talet. Huset i Luster var senter og møtestad for forskarar, geografar og for kultureliten under nasjonalromantikken. Tidemand og Gude teikna mest sannsynleg skisser til Brudeferden i Hardanger i Lustrafjorden.

Margrethe Munthe, mest kjend for sine barnesongar, og broren og målaren Gerhard Munthe, besøkte ofte onkelen sin her i Kroken. Kongesalen, eit av dagens soverom, har fått namnet sitt etter Oscar 2. og Carl 15. som begge overnatta her.

Husmorskule[endre | endre wikiteksten]

I 1884 vart garden seld på auksjon, og hovedbruket vart kjøpt av læraren og kyrkjesongaren Mons Kinsedal. Han tok namnet Kroken etter garden, slik skikken var. Frå 1897 leigde han ut det store hovedhuset (no overdrege til Stiftelsen Munthehuset) til Nordre Bergenhus Amt sin amtskule for jenter, mest kjend som husstellskulen eller husmorskulen. Skulen heldt til i Kroken fram til dei flytta inn i nye lokale på Hafslo i 1957.

I dag er Munthehuset ope for omvising i sommarsesongen, og det er mogeleg å leige selskapslokale og overnatting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]