Musene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For dei kvinnelege skapnadane frå gresk mytologi, sjå muse
Hubble-bilete av Musene. I galaksen til venstre er den blå flekken oppe til høgre drøssevis av stjernehopar danna som ei følgja av kollisjonen.[1]

Musene (katalogisert NGC 4676) er to kolliderande galaksar som ligg rundt 300 millionar lysår unna i stjernebiletet Berenike sitt hår. Dei to galaksane vil etter kvart bli til éin enkelt stor galakse, ein elliptisk galakse.[1]

Namnet kjem av dei lange halane av stjerner og gass som stikk ut av kvar galakse.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «The Mice (NGC 4676): Colliding Galaxies With Tails of Stars and Gas» - Biletteksten til Hubble-biletet av Musene på éi av dei to offisielle heimesidene til teleskopet.