Berenikes hår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Berenikes hår
Berenikes hår
Latinsk namn Coma Berenices
Forkorting Com
Genitivsform Comae Berenices
Symbologi Håret til Berenike II av Egypt
Rektasensjon 12,76 h
Deklinasjon +21,83°
Areal 386 kvadratgrader
nr. 42 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne β Com (4,26. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −70°

Berenikes hår (frå latin Coma Berenices) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Det er eit av dei 88 moderne stjernebileta og ligg nær Arcturus, og stjernebiletet Løva, som det tidlegare var ein del av. Den galaktiske nordpolen ligg i stjernebiletet. Namnet refererer til dronning Berenike II av Egypt, som ofta det lange håret sitt.

Historie og mytologi[endre | endre wikiteksten]

Berenikes hår er eit av få stjernebilete som har fått namn etter ein historisk person, dronning Berenike II av Egypt, kona til Klaudios Ptolemaios III Euergetes (246–221 fvt.), som gjorde Alexandria til eit viktig kultursenter.

I 243 fvt. under den tredje syriske krigen, sette Klaudios Ptolemaios i gang eit farleg tokt mot selevkidane, som hadde myrda systera hans. Den nye kona hans, Berenike, sverja til gudinna Afrodite om å ofre det lange, blonde håret hennar, som ho var særs stolt av, om ektemannen hennar kom trygt heim att. Han gjorde så, og ho klypte håret og plasserte det i tempelet til gudinna. Morgonen etter var håret borte. For å stille den rasande kongen annonserte hoffastronomen, Konon, at guddinna var så nøgd med offeret at ho hadde plassert det på himmelen. Han peikte så mot stjernene som sidan har hatt namnet Berenikes hår.[1]

Berenikes hår består av mange stjerner tett i tett, og har blitt anerkjent som ein særeigen asterisme sidan hellenistisk tid.[2] Eratosthenes kalla biltetet både «Ariadnes hår» og «Berenikes hår». Klaudios Ptolemaios kalla det «hårlokken», men tok det ikkje med i lista si på 48 stjernebilete, og rekna det som ein del av Løva,[2] ein del av dotten på enden av halen til løva.

Tycho Brahe førte opp biletet i stjernekatalogen sin frå 1602,[2] men det var opphavleg med på himmelgloben til kartografen Caspar Vopel frå 1536.[3][4][5] Gerardus Mercator har òg fått æra av å ta med stjernebiletet i 1551.[6] Berenikes hår og stjernebiletet Antinous, som ikkje lenger er i bruk, vert rekna som dei første stjernebileta etter Ptolemaios som er avbilda på ein himmelglobe.[7]

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Berenikes hår sett med det nakne auga.
NGC 4565 har blitt kalla Nålegalaksen, fordi han ser ut som ein tynn strek på himmelen..[8]

Sjølv om Berenikes hår ikkje er eit stort stjernebiletet, inneheld det åtte Messier-objekt. Stjernebiletet har mange galaksar, og inneheld den nordlege delen av Virgo-hopen. Det finst òg fleire kulehopar. Ein kan sjå desse objekta med minimal formørking av støv, fordi stjernebiletet ikkje ligg i retnigna til det galaktiske planet (nordpolen til det galaktiske planet ligg i dette stjernebiletet). Men på grunnav dette er det få opne hopar (utanom Berenikes hår-hopen, som dominerer den nordlege delen av stjernebiletet), diffuse stjernetåker eller planettåker.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Berenikes hår er ikkje særleg lyssterk og har ingen stjerner som er lysare enn fjerde storleiksorden. Beta Comae Berenices er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet, med ein storleiksorden på 4,2, 30 lyssår frå jorda. Som sola er ho ei gulfarga hovudseriestjerne.[6] Ho er berre litt meir lyssterk enn sola, og gjev ein idé om korleis sola ser ut frå Beta Comae sin avstand.

Den nest mest lyssterke stjerna i Berenikes hår er α Comae Berenices, òg kalla Diadem. Namnet representerer edelsteinen i krona til Berenike.[9] Ho er ei dobbeltstjerne, og dei to komponentane har nesten lik storleiksorden. For det nakne auga har dobbeltstjerna ein storleiksorden på 4,3.[6] Dei to komponentane har ein svak gulfarge, og har begge storleiksorden 5,1. Dei krinsar rundt kvarandre med ein periode på 26 år og ligg 47 lyssår frå jorda.[6]

Bilete av Berenikes hår.

Gamma Comae Berenices, som ligg føre Berenikes hår-hopen, er ei oransje kjempestjerne med storleiksorden 4,4, 170 lysår frå jorda.

Det er to andre multiple stjerner i Berenikes hår. 35 Comae Berenices er ei dobbeltstjerne med ein optisk kompanjong. Dei to komponentane har ein periode på 360 år og ligg 324 lyssår frå jorda. Hovudstjerna er ei gul stjerne med storleiksorden 5,1 og den andre kvit med storleiksorden 7,2. Den optiske tredje komponenten har storleiksorden 9. 24 Comae Berenices er ei dobbeltstjerne med kontrastfargar. Hovudstjerna er ei oransje kjempestjerne med storleiksorden 5,0, 610 lysår frå jorda, og sekundærstjerna er ei blåkvit stjerne med storleiksorden 6,6.[6]

Over 200 variable stjerner er kjende i Berenikes hår, men mange av dei er uklåre. FK Comae Berenices, som varierer mellom 8,14m og 8,33m over ein periode på 2,4 dagar, er ein prototype for FK Com-klassen av variable stjerner. Ein trur at variabiliteten til FK Com-stjerner kjem av ein stor, kjøleg flekk på den roterande flata til stjernene. FS Comae Berenices er ein delvis regulær variabel, ei raud kjempe med ein minste storleiksorden på 6,1 og ein største storleiksorden på 5,3. Perioden er kring 2 månader og han ligg 572 lysår frå jorda.[6]

Richard Hinckley Allen har oppført følgjande stjernenamn i Berenikes hår:[10]

Bayer Namn Opphav Tyding
α Com Diadem Latin diadem
β Com Al Ḍafīrah arabisk krøllen
(31) p Com Shang Tseang kinesisk høgare general
21 Com Kissīn gresk eføyart

Stjernehopar[endre | endre wikiteksten]

Berenikes hår opne hop[endre | endre wikiteksten]

Berenikes hår-hopen er ikkje oppført med Messier eller NGC-katalogen, men finst i Melotte-katalogen over opne hopar, der han vert kalla Melotte 111. Han er ein stor, diffus og open hop med kring 50 stjerner som varierer frå 5. til 10. storleiksorden, mellom anna fleire av stjernene som er ein del av stjernebiletet. 12 Comae Berenices, med storleiksorden 4,8, er den mest lyssterke stjerna i hopen. Hopen er spreidd over eit stort område, meir enn 5 grader på tvers, nær Gamma Comae Berenices. Hopen verkar tilsynelatande svært stor fordi han ligg relativt nær, berre 288 lysår unna.[6]

Kulehop[endre | endre wikiteksten]

M53 (NGC 5024) er ein kulehop som vart oppdaga av Johann Elert Bode i 1775 og uavhengig av Charles Messier i februar 1777. Han har ein storleiksorden på 7,7 og ligg 56 000 lysår unna jorda. M53 er ein Shapley klasse V-hop, som indikerer at mellomliggande konsentrasjon mot sentrum av hopen. Berre 1° unna ligg NGC 5053,[11] ein kulehop som er tynnare og mindre tett med stjerner. Den totale luminositeten er kring 16 000 soler, som er den lågast luminositeten til alle kjende kulehoper. Han vart oppdaga av William Herschel i 1784. Storleiksordenen er 9,9 m. NGC 4147 er ein noko meir lyssvak (storleiksorden 10,2m) kulehop med ein mykje mindre tilsynelatande storleik.

Galaksar[endre | endre wikiteksten]

Virgo-hopen av galaksar[endre | endre wikiteksten]

Berenikes hår inneheld den nordlege delen av Virgo-hopen, som ligg kring 60 millionar lysår unna.

M100 (NGC 4321) er ein 8. storleiksorden spiralgalakse som høyrer til Virgo-hopen.[6] Med 7 bogeminuttar på tvers, er han den tilsynelatande største av alle galaksane i Virgo-hopen. Diameteren er 120 000 lysår, som gjer han til den største spiralgalaksen i Virgo-hopen.

M85 (NGC 4382) er ein elliptisk galakse i Virgo-hopen. Han er ein av dei mest lyssterke medlemmane i hopen med storleiksorden 9. Kjernen er lys og ser ut som ei stjerne i små amatørteleskop.[6]

M98 (NGC 4192) er ein lys, langstrekt spiralgalakse som er sett nesten frå kanten. Han verkar elliptisk på grunn av den uvanlege vinkelen. Han er av 9. storleiksorden og er eit medlem av Virgo-hopen.

M99 (NGC 4254) er ein spiralgalakse. Som M98, er han av 9. storleiksorden i Virgo-hopen. Denne vert òg kalla Triangelgalaksen.

M88 (NGC 4501) er ein spiralgalakse med fleire armar.

M91 (NGC 4548) er ein stavspiralgalakse.

Comahopen av galaksar[endre | endre wikiteksten]

Comahopen er ein galaksehop nord for Virgo-hopen. Han ligg mykje lenger unna, kring 230 til 300 millionar lyssår.[6] Hopen er ganske stor med kring 1000 store galaksar, og mogelegeins opp til 30 000 mindre galaksar. Ei undersøking av Fritz Zwicky i 1957 identifiserte 29 951 galaksar i området som er meir lyssterke enn 19,0m. Somme kan vere fjerntliggande bakgrunnsobjekt, men det totale talet på galaksar i hopen er ganske stort.

På grunn av den store avstanden til hopen, er ikkje dei fleste galaksane berre synlege i store teleskop. Dei mest lyssterke er NGC 4889 og NGC 4874, som begge er av 13. storleiksorden, medan dei fleste andre medlemmane er av 15. storleiksorden eller svakare. NGC 4889 er ein enorm elliptisk galakse, som òg har det største kjende svarte hòlet med ein masse på 21 milliardar solmassar.[12] Comahopen har relativt få spiralgalaksar. NGC 4921 er den mest lyssterke av dei.[13]

Andre galaksar[endre | endre wikiteksten]

M64, Blått auga-galaksen

M64 (NGC 4826) er kjend som Blått auga-galaksen på grunn av eit markant mørkt band med støv føre den lyse kjernen til galaksen. Det mørke feltet er berre synleg i store amatørteleksop, men sjølve galaksen er lett synleg i sjølv små amatørinstrument, og er av 9. storleiksorden.[6] Han ligg relativt nære, kring 17 million lysår frå jorda. Nyare studiar har avdekt at den interstellare gassen i dei ytre regionane av galaksen roterer i motsett retning enn dei indre regionane, og leiande astronomar trur derfor at minst ein satellittgalakse har kollidert mindre enn 1 mrd. år sidan. Alle andre spor av den mindre galaksen er øydelagd. I grenseområdet mellom dei to rotasjonsretningane, er det mange nye stjernetåker og unge stjerner.[14]

NGC 4565, Nålgalaksen

NGC 4314 er ein stavspiralgalakse som ligg kring 40 million lysår unna. Han er unik fordi regionen med intens stjernedanning dannar ein ring kring kjernen, som vart oppdaga av Hubbleteleskopet. Den veldige stjernedanninga byrja for berre kring 5 millionar år sidan og innafor eit område med ein diameter på berre kring 1000 lysår. Oppbygginga av kjernen er vidare unik fordi den vesle ringen sjølv har spiralarmar som gjev gas til staven.[14]

NGC 4565 er ein kjend spiralgalakse. Han er av 10. storleiksorden og verkar å ligge over Virgo-hopen, men er berre kring 20 millionar lysår unna jorda. Galaksen er sett frå sida og har eit markant støvfelt og ein sentral utbuling.[6]

NGC 4676, stundom kalla «Musegalaksane» er eit par vekselverkande galaksar med ein avstand på 300 millionar lysår frå jorda. Dei opphavlege galaksane var begge spiralgalaksar og astronomar estimerer at dei låg nærast kvarandre kring 160 millionar år sidan. Denne passeringa førte til store område med stjernedanning i begge galaksane, i lag med «halar» av støv, stjerner og gass. Dei to galaksane er er venta å vekselverke kraftig minst ein gong til før dei slår seg saman til ein stor, truleg elliptisk galakse.[14]

Kvasarar[endre | endre wikiteksten]

Kvasar PG1247+26° er den mest lyssterke kvasaren som er synleg i Berenikes hår. I tillegg vart W Com opphavleg identifisert som ei variabel stjerne, og derfor gjeve ei variabel stjerne-nemning, men det vart seinare oppdaga at det var eit BL Lacertae-objekt. Han er normalt av storleiksorden kring 16,5 m, men er kjend å nå 12. storleiksorden.

Meteorsvermar[endre | endre wikiteksten]

I desember er Coma Berenicids ein meteorsverm som varer frå desember til januar, med ein topp kring 18. og 25. desember.[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gaius Julius Hyginus. Astronomica. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Pasachoff, Jay M.. Stars and Planets. Boston, Massachusetts: Houghton Mifflin. 
  3. Ridpath, Ian. «Berenikes hår». Star Tales. http://www.ianridpath.com/startales/comaberenices.htm. Henta 11 April 2012. 
  4. Thompson, Gary D.. «An Outline Sketch of the Origin and History of Constellations and Star-Names». http://members.westnet.com.au/Gary%2DDavid%2DThompson/page9m.html. 
  5. «Celestial table globe (GLB0095)». National Maritime Museum. http://www.nmm.ac.uk/collections/explore/object.cfm?ID=GLB0095. 
  6. 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 6,11 Ridpath & Tirion 2001, s. 122-124.
  7. John Lankford (2011) History of Astronomy: An Encyclopedia, s. 165 (ISBN 0-8153-0322-X).
  8. «A Galactic Disc, Edge-on and Up Close», ESA/Hubble Picture of the Week, http://www.spacetelescope.org/images/potw1228a/, henta 9 July 2012 
  9. Burnham, Robert Jr. (1978). Burnham's Celestial Handbook: An Observer's Guide to the Universe Beyond the Solar System, v.2. General Publishing Company, Ltd., Toronto. ISBN 0-486-23567-X. 
  10. Star Names, Their Lore and Meaning, by Richard Hinckley Allen
  11. Levy 2005, s. 159-160.
  12. McConnell, Nicholas J. (2011-12-08). «Two ten-billion-solar-mass black holes at the centres of giant elliptical galaxies». Nature. Arkivert frå originalen den 19. august 2015. http://www.webcitation.org/63jBvENqx. Henta 19. august 2015. 
  13. van den Bergh, S. (1976-06-15). «A new classification system for galaxies». Astrophysical Journal 206: 883–887. Bibcode 1976ApJ...206..883V. doi:10.1086/154452. 
  14. 14,0 14,1 14,2 Wilkins, Jamie; Dunn, Robert. 300 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe. Buffalo, New York: Firefly Books. ISBN 978-1-55407-175-3. 
  15. Jenniskens, Peter (September 2012). «Mapping Meteoroid Orbits: New Meteor Showers Discovered». Sky & Telescope: 24. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Berenikes hår


Dei 88 moderne stjernebilda
Akterstamnen | Alteret | Andromeda | Begeret | Berenikes hår | Bildehoggaren | Bjørnepassaren | Bordet | Delfinen | Den sørlege fisken | Den sørlege vasslangen | Det sørlege triangelet | Draken | Dua | Einhyrningen | Fiskane | Floda | Fluga | Flygefisken | Folen | Føniks | Gaupa | Gravstikka (Meiselen) | Gullfisken | Haren | Herkules | Indianaren | Jakthundane | Jomfrua | Kameleonen | Kassiopeia | Kefeus | Kentauren | Kjølen | Kompasset | Krepsen | Kusken | Kvalfisken | Luftpumpa | Lyra | Løva | Mikroskopet | Nettet | Den nordlege krona | Oktanten | Orion | Paradisfuglen | Passaren | Pegasus | Persevs | Pila | Påfuglen | Ramnen | Reven | Seglet | Sekstanten | Sjiraffen | Skjoldet | Skorpionen | Skytten | Slangeberaren | Slangen | Smelteomnen | Staffeliet | Steinbukken | Den store bjørnen | Den store hunden | Svana | Sørkrossen | Den sørlege krona | Teleskopet | Trana | Triangelet | Tukanen | Tvillingane | Tyren | Ulven | Uret | Vasslangen | Vassmannen | Vekta | Vêren | Den vesle bjørnen | Den vesle hunden | Den vesle løva | Vinkelhaken | Øgla | Ørna


Koordinatar: Sky map 12h 45m 36s, +21° 49′ 48″