Musikkonservatoriet i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Musikkonservatoriet i Oslo er ein tidlegare musikkskule i Oslo. Han vart oppretta i 1883 under namnet Organistskolen.

Skolen vart grunnlagd av Ludvig Mathias Lindeman (1812-87) og sonen hans Peter Lindeman (1858-1930). Peter Lindeman overtok leiinga av skolen då faren døydde i 1887. Sonen til Peter, Trygve Lindeman (1896-1979), studerte musikk i Stockholm og vart lærar ved skolen frå 1921 og seinare leiar av skolen frå 1930. Då Trygve Lindeman vart pensjonist på 1960-talet, vart undervisinga overført til stiftinga Lindemans Legat, og konservatoriet vart frå 1969 til 1973 drive i samarbeid mellom stiftinga og styresmaktene.

Skolen tok etter få år namnet Musik-Konservatoriet, som seinare vart til Musikkonservatoriet i Oslo. Skolen dreiv heilt fram til 1969 med ei blanding av yrkesutdanning av musikarar og fritidsundervising av born og vaksne.

Konservatoriet vart nedlagt i 1973, då Noregs musikkhøgskole vart oppretta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]