Mutabaruka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mutabaruka
Fødenamn Allan Hope
Pseudonym Mutabaruka
Fødd 26. desember 1952
Kingston på Jamaica
Yrke lyrikar, songar
Sjanger dub-poesi, reggae

Allan Hope, betre kjend som Mutabaruka, er ein jamaicansk dub-diktar, musikar, skodespelar, pedagog og programleiar knytt til rastafarirørsla. Han har utvikla to populære radioprogram på Jamaica, The Cutting Edge og Steppin' Razor.[1] Han har teke opp tema som politikk, kultur, frigjering for farga, sosial undertrykking, diskriminering, fattigdom, rasisme, sexisme og religion.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mutabaruka var fødd og voks opp i Rae Town i Kingston med mor, far og to systrer. Faren døydde då han var åtte. Mutabaruka var elev ved Kingston Technical High School, der han studerte i electronikk i fire år og deretter arbeidde for Jamaican Telephone Company fram til han sa opp i 1971.[2]

Mutabaruka blei interessert i den svarte medvitsrørsla seint på 1960-talet og tidleg i 1970-talet. Han byrja å lesa bøker knytt til rørsla, som Soul on Ice av Eldridge Cleaver og bøker som då var ulovlege på Jamaica, som The Autobiography of Malcolm X. Mutabaruka kom frå ein katolsk bakgrunn, men blei etterkvart del av rastafarirørsla. Han stoppa å kjemma håret sitt og fekk dreadlocks, byrja eta italmat og stoppa å bruka sko som del av å bli rastafarianar.[3] Han tok namnet Mutabaruka frå det rwandiske språket kinyarwanda, som kan omsetjast som ‘ein som alltid sigrar’.[2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Mutabaruka forlét Kingston i 1971 og slo seg ned i Potosi Hills[2] saman med kona si og to barn i eit hus han bygde sjølv. Han var ein del av den nye bølgja avjamaicanske diktarar som dukka opp i byrjinga av 1970-talet.[4] Early work by Mutabaruka was first presented in the magazine Swing from 1971.[2][5]

Den første diktsamlinga han gav ut som Mutabaruka, Outcry (mars 1973), fekk ros for å fortelja ei soge kjend for dei fleste svarte fødde i gettoen.[a][6] Han fekk også merksemd for «Wailin'» frå 1974, eit verk med referanse til songar av The Wailers. I 1976 gav han ut samlinga Sun and Moon.[2]

I 1977 byrja Mutabaruka å opptre med dikta sine saman med bandet sitt Truth.[2] Han hadde ein hitt på Jamaica året etter med «Outcry», der Cedric Brooks si gruppe Light of Saba spelte.[2] Etter å ha blitt beden om å opptre på ein Jimmy Cliff-konsert tidleg på 1980-talet samarbeidde han med gitaristen Earl «Chinna» Smith om «Every Time a Ear Di Sound», byrjinga på eit mangeårig samarbeid. Låten deira blei gjeven ut som singel og blei ein hitt på Jamaica.[7]

Han blei internasjonalt kjend etter ein opptreden ved Reggae Sunsplash i 1981, den første gonger av mange han opptredde på festivalen.[2] I 1983 gav han ut Check ItChicago-bluesselskapet Alligator Records, og auka i popularitet.[2] Dette året sette han også saman samlealbumet Word Sound 'ave Power, som kom ut på Heartbeat Records. I 1984 gav han ut The Mystery UnfoldsShanachie Records.[2] Seinare spelte han inn saman med Gregory Isaacs og Dennis Brown på høvesvis «Hard Road to Travel» og «Great Kings of Africa».[2]

Mutabaruka fortsette å spela inn og opptre, og i midten av 1990-åra byrja han leia eit prateprogram på radiostasjonen Irie FM som heitte The Cutting Edge. Dette gjorde han raskt til ein ettertrakta og omdiskutert radiopersonlegdom på Jamaica.[2][8]

Han hadde fleire hittar på slutten av 1990-talet med «Wise Up» (med Sugar Minott) og «Psalm 24» (med Luciano).[2]

Mutabaruka har førelest og opptredd ved ei rekkje institusjonar på Jamaica og i USA.[9][10][11]

I 2000 førelas Mutabaruka ved Stanford University om forskjellen mellom utdanning og indoktrinering.[12] I 2001 var han forteljarstemme på Stephanie Black sin film Life and Debt, ein dokumentar om verknaden av global økonomisk politikk og Det internasjonale pengefondet på økonomi og folk på Jamaica.[13] Tittelsongen Life and Debt blei gjeven ut av Mutabaruka på albumet Life squared frå 2002.[13]

I 2007 underviste han i afro-amerikanske studiar ved Merritt College i California.

I februar 2010 blei Mutabaruka æra av National Centre for Youth Development (NCYD) og Rotaract Club i Mandeville for over 30 år med framifrå kulturarbeid. Seinare same året blei han æra av Senegal, som reiste ei hytte til ære for han.[14]

I 2016 blei Mutabaruka tildelt Order of Distinction, Commander Class av dei jamaicanske styresmaktene, for dei kulturelle bidraga sine til landet.[15]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Selskap
1982 Live at Reggae Sunsplash Sunsplash
1982 Check It! High Times
1983 Dub Poets Dub Heartbeat
1984 Outcry Shanachie
1986 The Mystery Unfolds Shanachie
1989 Any Which Way...Freedom Shanachie
1990 Mutabaruka Rounder
1991 Blakk Wi Blak...K...K... Shanachie
1994 Melanin Man Shanachie
1998 Gathering of the Spirits Shanachie
1998 Muta in Dub Blackheart
2002 Life Squared Heartbeat
2006 In Combination Revolver
2009 Life And Lessons Gallo Record Company
Samlealbum

DVD/video[endre | endre wikiteksten]

  • Live at Reggae Sumfest (1993, VHS/DVD)
  • The Return to the Motherland (2011, DVD)

Diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • Outcry (1973)
  • Sun and Moon (1976) - with

Faybiene

  • The Book: First Poems (1980)
  • The Next Poems (2005)

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. a story common to most black people born in the ghetto

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Irie FM website.
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 Thompson, Dave (2002) Reggae & Caribbean Music, Backbeat Books, ISBN 0-87930-655-6, s. 192–194.
  3. Dunn, Pat, & Pamela Mordecai (2004), "Matubaruka". I Encyclopedia of Latin American and Caribbean Literature, 1900-2003. Daniel Balderston & Mike Gonzalez, eds. London: Routledge, s. 374. ISBN 0-415-30687-6, ISBN 978-0-415-30687-4.
  4. Habekost (1993), Verbal Riddim: Politics and Aesthetics of African-Caribbean Dub Poetry, Editions Bodopi BV, ISBN 978-9051835496, p. 25.
  5. Boyne, Ian (2012), "Mutabaruka For Jamaica 50 Honour", Jamaica Gleaner, 15. juli 2012. Retrieved 21. desember 2014.
  6. Culture Workers Bureau, CWB. "Ideas need to be explored, not ignored". "Mutabaruka". 1990, s. 4.
  7. Cooke, Mel (12. juli 2009). «'Everytime A Ear di Sound' makes Mutabaruka heard». Jamaica Gleaner. Arkivert frå originalen 10. april 2012. Henta 21. desember 2014. 
  8. Johnson, Linton Kwesi (2005) "Cutting edge of dub: Linton Kwesi Johnson on the spreading influence of Jamaica's poet of protest", The Observer, 27. august 2005. Henta 21. desember 2014.
  9. Adams, Anne-Marie (23. juli 2013). «Mutabaruka Comes to Hartford, Gives Lecture on Rastafarianism». The Hartford Guardian. Arkivert frå originalen 21. desember 2014. Henta 21. desember 2014. 
  10. Cooke, Mel (2011), "'There Is No Rebel'", Jamaica Gleaner, 5. juli 2011. Henta 21. desember 2014.
  11. "Mutabaruka Talks Religion", Jamaica Gleaner, 16. mars 2011. Henta 21. desember 2014.
  12. Mutbaruka Lecture. mutabaruka.com. "Stanford University".
  13. 13,0 13,1 Stephanie Black Life and Debt Life and Debt documentary website, 2001, henta 20. juli 2018.
  14. Walters, Basil (20. mai 2010). «Muta recognised by Senegal; song on World Cup compilation». Jamaica Observer. Arkivert frå originalen 4. august 2011. Henta 21. desember 2014. 
  15. «mutabaruka among jamaican elite group of entertainers lauded with order of distinction]». jamaicaempire.net. Arkivert frå originalen 19. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]