Muzio Clementi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Muzio Clementi
Muzio Clementi.jpg
Muzio Clementi
Fødd 24. januar 1752, Roma
Død 10. mars 1832 (80 år), Evesham i Worcestershire i England
Instrument Piano
Periode Klassisismen
Sjanger Klavermusikk
Yrke Komponist

Muzio Clementi (24. januar 175210. mars 1832) var ein italiensk komponist, pianist og musikkpedagog under klassisismen. Han er rekna som ein av grunnlegjarane av moderne klaverspel, og den første til å skrive spesielt tilpassa pianomusikk.[1] Clementi var også pianoprodusent og notegutgjevar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Muzio Filippo Vincenzo Francesco Saverio Clementi vart fødd i Roma, men verka hovudsakleg i England. Han var ei tid dirigent for den italienske operaen i London. Han er best kjend for samlingane av pianostudiar, Gradus ad Parnassum, som Claude Debussy sin komposisjon Doctor Gradus ad Parnassum (første sats i suiten Children's Corner) er ein referanse til.[2] Clementi skreiv eit sekstitals klaversonater som påverka utviklinga av denne sjangeren.[1] an skreiv også vokal og kammermusikk og fleire symfoniar.[2]

Muzio Clementi døydde i Evesham i England, 80 år gammal. Han er gravlagd i Westminster Abbey i London.[2]

Omdøme[endre | endre wikiteksten]

Clementi var mykje omtykt i samtida, ofte meir kjend enn samtidige Wolfgang Amadeus Mozart og nesten like velkjent som Joseph Haydn og Ludwig van Beethoven, men blei meir gløymt på 1800- og 1900-talet.[2]

I 1781 tok Clementi del i ei pianotevling mot Mozart framfor keisar Josef II i Wien.[2] Mozart la ikkje skjul på at han mislikte Clementi sterkt, noko som har fått nokon til å kalle dei «erkerivalar». Dette gir neppe eit korrekt bilete; Clementi sjølv skal ikkje ha gjengjeldt Mozarts mishagsytringar.

Pianisten Vladimir Horowitz var svært glad i Clementi sin musikk, og samanlikna den med Ludwig van Beethoven sine beste verk. Horowitz sine innspelingar av musikken til Clementi førte til auka interesse for Clementi, og ei Gjenreisinga av ryet hans som ein viktig komponist.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Muzio Clementi (2009, 14. februar) i Store norske leksikon. Henta 4. august 2013.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 William H. Youngren, Finished Symphonies, The Atlantic Monthly, May 1996

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Muzio Clementi