Hopp til innhald

Møre-Nytt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Møre-Nytt
LandNoreg
TypeAvis
Org.nummer984036280
FormatTabloid[1]
Grunnlagd1935
EigararPolaris Media
SpråkNynorsk
Nettstadhttps://morenytt.no (nynorsk)

Møre-Nytt er ei avis som vert utgjeven i Ørsta i Møre og Romsdal fylke. Ho vart starta av Alf og Øivind Bergmann i 1935.

Avisa dekkjer kommunane Ørsta og Volda. Ho kjem ut to gonger i vekka. Ansvarleg redaktør er Tormod Utne (2024)

Avisa vert redigert på nynorsk.

Etter at Adresseavisen, Bergens Tidende, Fædrelandsvennen og Stavanger Aftenblad la om til tabloidformat 16. september 2006 var Møre-Nytt den einaste avisa i Noreg som kom ut i fullformat. Den 24. november 2007 endra avisa, som den siste avisa i landet, til tabloidformat.[2]

Opplagstal

[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[3]

År Nettoopplag
2000 5 540
2001 5 503
2002 5 426
2003 5 428
2004 5 454
2005 5 528
2006 5 550
2007 5 509
2008 5 526
2009 5 783
2010 5 705
2014 5 190
  1. «Avisformatet. Tabloid i form, men ikke i sjel» (på bokmål). 4. mai 2010. Henta 27. juni 2024. 
  2. Journalisten: Avis-Norge er fulltabloidisert (26. november 2007)
  3. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]