Nå tennes tusen julelys


«Nå tennes tusen julelys» er ein julesong, omsett av Lars Søraas d.y. etter den svenske teksten «Nu tändas tusen juleljus». Originalteksten er skriven av Emmy Köhler i 1898. Songen vert bruka som julesalme innan mange kristne samfunn i Sverige og Finland, og kom med Salmer 1997 også inn i den norske kyrkja. Halldis Moren Vesaas har omsett teksten til nynorsk med tittelen Sjå tusen julelys blir tent, og denne omsetjinga er komen med i Norsk salmebok 2013.[1][2]
Songen vart fyrste gongen trykt i Korsblomman 1898. Han har i løpet av 1900-talet vorte ein av dei mest brukte julesongane i Sverige, i kyrkje og skole, men òg i heimen. I 1986 vart songen vald inn i Den svenska psalmboken.
Teksten handlar om korleis jula vert opplyst, dels av dei levande lys vi tenner i heimane våre, dels av stjernene på himmelen, og held fram med ei bøn om at betlehemsstjerna òg må lyse for menneske i denne jula.
Melodien er òg skriven av Emmy Köhler i 1898. Den same tonen vert bruka til adventssongen «No tenner vi det første lys».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Sjå, tusen julelys blir tent – Kirkesangforlaget (på norsk bokmål), henta 13. november 2024
- ↑ «Norsk Salmebok 2013 – alfabetisk register» (PDF) (på norsk). Ressursbanken, Den norske kyrkja. Henta 13. november 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Nu tändas tusen juleljus» frå Wikipedia på svensk, den 6. desember 2008.