Betlehemsstjerna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om himmelfenomenet. For plantearten, sjå betlehemstjerne.
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå adventstjerne. For juleplanten, sjå julestjerne.
Jean Fouquet førestilte seg stallen og Betlehemsstjerna på denne måten. Stjerna skin oppe til høgre på biletet. Måleri frå 1453.

Betlehemsstjerna, eller julestjerna, er folkelege namn på stjerna som i følgje Matteusevangeliet[1] leidde dei tre vise menn til stallen ved Betlehem der Jesus vart fødd. Dette himmelfenomenet er forklart på tre måtar:

Mosaikk frå 500-talet med dei tre vise menn som følgjer stjerna

Mirakel eller dikt?[endre | endre wikiteksten]

Sidan stjernetyding strir mot tradisjonell kristen tru, kan ein på religiøst grunnlag argumentere for at denne openberringa måtte vere ei mirakuløs eingongshending.

Av dei fire evangelistane er det berre Matteus som nemner Betlehemsstjerna. Dette er eit argument for at forteljinga om stjerna er brukt som eit litterært verkemiddel.

Astronomiske hendingar[endre | endre wikiteksten]

Nattehimmelen slik han truleg såg ut frå Jerusalem 12. november år 7 f.Kr. frå kl. 1800 til 2130

I år sju f. Kr. var det heile tre samanstillingar mellom Saturn og Jupiter i stjernebiletet Fiskane, følgd av ein samanstilling mellom Mars, Saturn og Jupiter den 20. februar i år seks før Kristus. Fiskane symboliserte som stjerneteikn jødane, Jupiter var kongeplaneten, og Saturn symboliserte rettferd og landet Palestina. På bakgrunn av slike astrologiske symbol kunne stjernetydarar lese ein guddommeleg bodskap inn i dette himmelfenomenet.

År tre og to f. Kr. gjennomgjekk òg Jupiter, som representerte kongemakt og kongeleg fødsel, tre samanstillingar med den lyssterke kongestjerna Regulus i stjerneteiknet Løva. Løva symboliserte kongane. I den same perioden var det fleire samanstillingar mellom alle dei fem lyssterke planetane Merkur, Venus, Mars, Jupiter og Saturn. Ved eitt tilfelle låg dei to lyssterke planetane Venus og Jupiter så å seie inntil kvarandre i stjerneteiknet Løva.

Den 11. september i år 3. f.Kr. stod sola og nymånen i stjerneteiknet Jomfrua, samtidig som Jupiter og Regulus opptredde i lag på himmelen. Datoen markerte også det jødiske nyåret.

Planetar utanfor jordabanen kan tilsynelatande stoppe for så å gå i motsett retning rett før og rett etter at jorda står på line mellom sola og planeten. Dette vert i astronomisk terminologi kalla ein «retrograd loop». Jupiter gjer denne rørsla på himmelen med litt over eitt års mellomrom, og han stoppa faktisk opp på himmelen den 25. desember i år to før Kristus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]