NGC 34
Utsjånad
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/50/Hubble_Interacting_Galaxy_NGC_17_%282008-04-24%29.jpg/220px-Hubble_Interacting_Galaxy_NGC_17_%282008-04-24%29.jpg)
NGC 34 (òg NGC 17) er ein rest etter to galaksar som har kollidert og som ligg rundt 250 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Kvalfisken. NGC 34 inneheld mykje gass og kan difor halda fram med den hyppige stjernedanninga i sentrum, som blei sett i gang under samanslåinga av dei to opphavlege galaksane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen i sin heilskap baserer seg på pressemelding STScI-2008-16 frå Space Telescope Science Institute.