Hopp til innhald

NGC 6670

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av NGC 6670. Galaksane blir sett ifrå kanten.

NGC 6670 er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 400 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Påfuglen. Kjernane til dei to galaksane er rundt 50 000 lysår frå kvarandre. NGC 6670 skin meir enn hundre milliardar gongar kraftigare enn sola i det infraraude, og ein reknar med at galaksane går gjennom ein periode med kraftig stjernedanning. Forskarar trur at NGC 6670 allereie har opplevd minst éin nærpassering og no er i eit tidleg stadium av nummer to.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]