NM i turn 1975 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i turn 1975 for kvinner vart arrangert i Moss helga 29.-30. november 1975. Deltakarane tevla i åttekamp etter obligatoriske og sjølvvalde program i dei fire ordinære øvingane; bom, frittståande, hopp og skranke. Trine Andresen var best i hopp, Unni Holmen Berge i dei andre tre øvingane.

Åttekamp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Lag Poeng
Gull Unni Holmen Berge Oslo Turnforening 71,95
Sølv Trine Andresen Oslo Turnforening 69,20
Bronse Kristi Hauge Bergens Turn 66,35
4. Anita Roberg Nøtterøy IF 65,75
5. Jorunn Storm-Hansen Sportsklubben Njård 63,50
6. Ann Kristin Hageløkken Bjart 62,60


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken 76. Dreyerbok Stavanger. 1976.