Hopp til innhald

Bergljot Hobæk Haff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergljot Hobæk Haff
StatsborgarskapNoreg
Fødd1. mai 1925
Botne kommune
Død

12. februar 2016 (90 år)
Oslo

Yrkeskribent, romanforfattar
Språknorsk
FarLars Hobæk

Bergljot Hobæk Haff (1. mai 192512. februar 2016) var ein norsk forfattar.

Bergljot Hobæk Haff vart fødd i Botne i Vestfold. Ho er utdanna lærar og budde i mange år i Danmark. Debutromanen Raset kom ut i 1956 og fekk ei god mottaking hjå kritikarane. Bergljot Hobæk Haff fekk Kritikarprisen i 1962 for Bålet og igjen i 1996 for Skammen, og ho er ein av berre eit fåtal forfattarar som har fått denne høgthengande prisen to gonger, og den einaste med så stort tidssprang mellom dei to utdelingane. Det fortel om eit langt forfattarskap, men mest om at ho heile tida har skrive bøker av høg litterær kvalitet. Mange av romanane hennar er omsette til fleire andre språk.

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Alle bøkene er komne ut på Gyldendal Norsk Forlag i Oslo.

  • Raset roman (1956)
  • Liv roman (1958)
  • Du finner ham aldri roman (1960)
  • Bålet roman (1962)
  • Skjøgens bok roman (1965)
  • Den sorte kappe roman (1969)
  • Sønnen roman (1971)
  • Heksen roman (1974)
  • Gudsmoren. En menneskelig komedie roman (1977)
  • Jeg, Bakunin roman (1983)
  • Den guddommelige tragedie roman (1989)
  • Renhetens pris roman (1992)
  • Skammen roman (1996)
  • Sigbrits bålferd roman (1999)
  • Den evige jøde roman (2002)
  • Attentatet roman (2004)