NTNU Universitetsbiblioteket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Portalen over inngangen til Teknologibiblioteket, det gamle NTH sitt hovudbibliotek, i Hovudbygget på NTNU, Gløshaugen

NTNU Universitetsbiblioteket (tidlegare: Universitetsbiblioteket i Trondheim, UBiT) er ein del av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Universitetsbiblioteket vart skipa i 1912, som NTH sitt bibliotek, men har røter attende til DKNVS sitt bibliotek frå 1768 og er difor det eldste vitskaplege biblioteket i Noreg.[1]

Verksemda[endre | endre wikiteksten]

  • Mandat
  • Målgrupper
  • Bibsys
  • Samlingane
  • Spesialsamlingar

Bibliotekeiningar[endre | endre wikiteksten]

NTNU UB har 15 bibliotek som dekkjer ulike fagområde:

Arkitektur- og byggbiblioteket[endre | endre wikiteksten]

Biblioteket si målgruppe er arkitektmiljøet ved Fakultet for arkitektur og biletkunst, byggingeniørfaga og Institutt for produktdesign ved Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi. Det har lokale i Sentralbygg 1, Gløshaugen.

Biblioteket vart danna som Fellesbiblioteket arkitekt og bygg i 1961, då Sentralbygg 1 stod ferdig. Arkitektavdelinga og Byggingeniøravdelinga flytta då til dette bygget frå Hovudbygget på Gløshaugen.

Biblioteket Dragvoll[endre | endre wikiteksten]

Biblioteket si målgruppe er primært studentar og tilsette ved Humanistisk fakultet (HF) og Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing (SVT). Det har lokale i Bygg 8 og 6B, nivå 5, Universitetssenteret på Dragvoll.

Biblioteket vart danna då del 1 av Universitetssenteret sitt første byggetrinn stod ferdig i 1978. Då vart samlingar og tenester retta mot humaniorafaga flytta til mellombels lokale på Dragvoll frå Universitetet i Trondheim sine lokale på Lade. Då andre byggetrinn stod ferdig i 1993, vart samlingane flytta til plan 5 i bygg 8. I 2006 vart lokala utvida med nivå 5 i det nye bygg 6B.

Biblioteket for medisin og helse[endre | endre wikiteksten]

I 2009 ga Kunnskapsdepartementet HiST og NTNU i oppdrag å etablera eit felles integrert bibliotek for forsking, læring og formidling, lokalisert i det integrerte universitetssjukehuset i Trondheim. Biblioteket blei oppretta ved at NTNU UB Medisinsk bibliotek og HiST-biblioteket på Øya (Avdeling for sykepleierutdanning) blei slått sammen. Bibliotek for medisin og helse åpna i desember 2013 i det nye Kunnskapssenteret på sjukehusområdet.[2]

Biblioteket Gjøvik[endre | endre wikiteksten]

Biblioteket er primært eit læringssenter for studentar og tilsette ved NTNU i Gjøvik. Samlingane dekkjer mellom anna helse- og omsorgsfag, teknologi, realfag, medieteknologi, informasjonssikkerhet, design og økonomiske fag. Biblioteket er lokalisert i sentralbygget (Gneis) og tok i bruk nåverande lokaler i januar 2006. Biblioteket er «meirope», så studentar og tilsette kan nytta biblioteket sine lokale og tenester òg når bibliotekpersonalet ikkje er til stades.[3]

Biblioteket Kunstakademiet[endre | endre wikiteksten]

Biblioteket si målgruppe er primært studentar og tilsette ved Institutt for biletkunst, Kunstakademiet i Trondheim. Det har lokale på Nedre Elvehavn i same bygg som Institutt for biletkunst, Kunstakademiet i Trondheim.

Biblioteket vart danna i 1988, og vart ein del av NTNU sitt universitetsbibliotek i 1997.

Biblioteket Tungasletta[endre | endre wikiteksten]

Biblioteket betener Institutt for sosialt arbeid, Institutt for nevromedisin og bevegelsesvitskap og Fageininga Vernepleie ved Institutt for psykisk helse. Hovedsamlingane er innafor helse- og sosialvitskaplege fag.

Biblioteket var tidlegare del av Høgskulen i Sør-Trøndelag, og blei ved fusjonen i 2016 del av NTNU.[4]

Biblioteket Ålesund[endre | endre wikiteksten]

Målgruppa er primært tilsette og studentar fra NTNU i Ålesund sine fem institutter: Institutt for IKT og realfag, Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk, Institutt for helsevitskap Ålesund, Institutt for biologiske fag Ålesund og Institutt for internasjonal forretningsdrift. NTNU i Ålesund er ei direkte vidareføring av Høgskulen i Ålesund (HiÅ), som vart ein del av NTNU gjennom ein fusjon i 2016.

Dorabiblioteket[endre | endre wikiteksten]

Biblioteket si målgruppe er primært studentar og tilsette ved NTNU. Dorabiblioteket har lokale i Dora på Nyhavna.

Dorabiblioteket vart danna i 2001 som eit felles fjernmagasin for NTNU Universitetsbiblioteket. Universitetsbiblioteket sin eldste faglitteratur, trykte tidsskrift og aviser, bilde og privatarkiv vert lagra her. Dorabiblioteket er samarbeidspartnar i Arkivsenter i Dora.

Gunnerusbiblioteket[endre | endre wikiteksten]

Målgruppa er tilsette og studentar ved NTNU, spesielt Vitskapsmuseet og Institutt for religionshistorie og arkeologi. Gunnerusbiblioteket ligg på Kalvskinnet.

Gunnerusbiblioteket vart etablert som DKNVS sitt bibliotek i 1768 og er Noregs eldste vitskaplege bibliotek. Frå 1760 var biblioteket lokalisert i medlemmer av DKNVS sine heimar. Foreninga flytta med boksamlingane til Trondheim Katedralskole i 1788. I 1866 fekk biblioteket eige bygg på Kalvskinnet, teikna av arkitekt Christian Christie. Eit tilbygg med boktårn i betong vart ført opp av arkitekt Claus Hjelte i 1930. Ei utviding av bygget og boktårnet kom i 1975, teikna av NTH-professor Einar Myklebust. Trappehuset var utforma av kunstnaren Ramon Isern.

Lysholmbiblioteket[endre | endre wikiteksten]

Dette biblioteket åpna15. januar 2018. Det dekkjer fagområda det vert forska og undervist i ved Campus Kalvskinnet: grunnskolelærarutdanningane, bachelor i arkiv og samlingsforvaltning, Institutt for lærarutdanning. (ILU) og bachelor i teknologifag. Biblioteket ligg i E.C. Dahl-kvartalet, i hovedsak i det nye Lysholmbygget, som har fått navn etter forretningsmannen, bryggerieier Jørgen B. Lysholm, som heldt til her på 1800-tallet.[5]

Marinbiblioteket[endre | endre wikiteksten]

Målgruppa er studentar ved Marin teknikk, tilsette ved Institutt for Marinteknikk ved Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi, CeSOS (Centre for Ships and Ocean Structures) og MARINTEK.

Marinbiblioteket ligg i Marinteknisk SenterTyholt, tilknytt Skipsmodelltanken. Då Marinteknisk Senter vart oppretta i 1979, vart det skipa eit felles bibliotek for senteret, som eit samarbeid mellom Noregs Skipsforskingsinstitutt (NSFI) og NTHB.

Musikkbiblioteket[endre | endre wikiteksten]

Olavskvartalet

Musikkbiblioteket si målgruppe er primært studentar og tilsette ved Institutt for musikk (NTNU), utøvande utdanning (tidlegare Musikkonservatoriet i Trondheim).

Biblioteket ligg i Olavskvartalet i Trondheim sentrum. Biblioteket vart formelt oppretta i 1984 og vart eini del av NTNU sitt universitetsbibliotek i 1988. Grunnstammen i biblioteket var notar frå m.a. Per Hjort Albertsen, og notar kjøpt for bruk i undervisinga ved dåverande Trøndelag musikkonservatorium.

Realfagbiblioteket[endre | endre wikiteksten]

Realfagbygget

Målgruppa er i hovudsak studentar og tilsette ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi og er lokalisert i RealfagbyggetGløshaugen.

Biblioteket vart oppretta i 2000 og inneheld samlingar frå tre ulike bibliotek; Fakultetsbiblioteket Kjemi, Fysikkbiblioteket og Fakultetsbiblioteket Rosenborg.

Teknologibiblioteket[endre | endre wikiteksten]

Målgruppa er i hovudsak studentar og tilsette ved Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi og Fakultet for informasjonsteknologi, matematikk og elektroteknikk, og held til i 1.etasje i Hovudbygningen på Gløshaugen.

Biblioteket vart oppretta i 1912. Teknologibiblioteket har ein av dei største samlingane av teknologisk litteratur i Noreg, men har òg litteratur som dekkjer andre fagområde.

Økonomibiblioteket[endre | endre wikiteksten]

Målgruppa for dette biblioteket er i hovudsak studentar og tilsette ved Fakultet for økonomi, som mellom anna inneheld NTNU Handelshøgskulen.[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

  • DKNVS
  • rolla som ansvarsbibliotek
  • nedlagde bibliotek
  • sjefar gjennom tidene

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nissen, Harald og Monica Aase (red.) (1993) Til Opplysning : Universitetsbiblioteket i Trondheim 1768–1993. Tapir forlag, ISBN 82-519-1467-1 (e-bok frå bokhylla.no)
  2. Monsen, Tor H. (20. september 2012), «Samlokalisert bibliotek», www.universitetsavisa.no (på norsk bokmål), henta 9. september 2021 
  3. «Biblioteket Gjøvik - UB - NTNU», www.ntnu.no, henta 9. september 2021 
  4. «Biblioteket Tungasletta - UB - NTNU», www.ntnu.no, henta 9. september 2021 
  5. Opheim, Aagot (15. desember 2017). ««Lysholm» er navnet». Adresseavisen. 
  6. «NTNU Handelshøyskolen - NTNU», www.ntnu.no, henta 9. september 2021 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Til Opplysning : Universitetsbiblioteket i Trondheim 1768–1993 (Tapir forlag, 1993) ISBN 82-519-1467-1
  • NTUB-75 år : Norges tekniske universitetsbibliotek 1912-1987 (Tapir forlag, 1987) ISBN 82-519-0817-5

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]