Høgskolen i Ålesund

Høgskolen i Ålesund (HiÅ) er ein tidlegare statleg høgskule i Noreg som fanst frå 1994 til 2015, då han gjekk inn i NTNU.[1]
Høgskulen vart skipa 1. august 1994 og hadde omkring 1900 studentar og 150 tilsette. Han var eit resultat av at fem statlege høgskular i Ålesund vart slått saman som ein del av Høgskulereforma i 1994.
Høgskolen hadde tilbod om vel 100 fag- og profesjonsstudiar innan ingeniørfag, sjukepleie, bioingeniør, fiskeri- og økonomisk-administrative fag. Desse kan takast i varierande omfang frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og somme doktorgradstudiar, i tillegg til ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Høgskolen sine fire institutt var:
- Institutt for teknologi- og nautikkfag
- Institutt for internasjonal marknadsføring
- Institutt for helsefag
- Institutt for Biologiske fag
Høgskolen tilbyr internasjonalisering av studiar, både høve til å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ved å halde fram å utdanne seg i utlandet etter avslutta studiar i Noreg.
1. januar 2016 vart HiÅ, Høgskolen i Gjøvik, Høgskolen i Sør-Trøndelag og Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet organisert som eitt universitet under namnet Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).[2] NTNU i Ålesund er ei direkte vidareføring av HiÅ.
Sjå også
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ålesund studentsamfunn Arkivert 2008-06-04 ved Wayback Machine.
- Næringslivsutvalget Arkivert 2009-02-19 ved Wayback Machine.(NLU)
- Bilde av høgskolen[daud lenkje]