Nabatieh
| Nabatieh | |||
| النبطية | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Guvernement | Nabatieh guvernement | ||
| Distrikt | Nabatieh distrikt | ||
| Høgd | 418 moh. | ||
| Koordinatar | 33°21′50″N 35°29′15″E / 33.36389°N 35.48750°E | ||
| Areal | 6 km² | ||
| • by | 21 km² | ||
| Folketal | 40 000 | ||
| • storby | 85 000 | ||
| Folketettleik | 6 667 / km² | ||
| Tidssone | EET (UTC+2) | ||
| Retningsnummer | +961 | ||
![]() Nabatieh 33°22′38″N 35°29′01″E / 33.377222222222°N 35.483611111111°E | |||
| Wikimedia Commons: Nabatieh | |||
Nabatieh (arabisk النبطية) eller Nabatîyé er det administrative senteret i Nabatieh guvernement sør i Libanon. Nabatieh har kring 85 000 og er senteret i området Jabal Amel.

Det vert halde marknad i byen kvar måndag då folk frå nabolandsbyane kjem hit for å veksle varer.
På ein topp med utsikt over den sørlege Beqaadalen står Belfortborga. Borga har tilkomst frå landsbyen Arnun, som ligg 7 km søraust for Nabatieh. Føre denne festninga ligg ei stor cisterne og ruinane av ein antikk landsby. Ein er usikker på kven som bygde borga. I følgje Vilhelm av Tyr, vart ho reist av krossfarar, men somme forskarar meiner ho er eldre enn dette. Borga er nesten heilt i ruinar, og berre austveggen, inngangen og trappa i det store tårnet i midten har overlevd.
Nabatieh har to historiske moskéar. Den eine vart bygd på 1500-talet og ligg midt i byen. Den andre vart bygd av mamelukkane og ligg i Nabatieh al Fawqa.
Innbyggjarane i Nabatieh er hovudsakleg sjiamuslimar, men her bur òg mange gresk-katolikkar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nabatieh» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


