Nakkeslengskade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Røntgenbilete av halsvirvelsøyla med dei sju nakkevirvlane. Nakkeslengskadar rammar vanlegvis leddband og musklar som ligg rundt virvlane og syner ikkje på røntgenbilete.

Nakkeslengskade er ein overstrekksskade i nakken som har oppstått fordi hovudet har blitt kasta brått fram og attende eller blitt pressa ut over sitt normale rørsleområde. Dei typiske symptoma er smerter og stivheit i nakken. Ein går ut frå at symptoma skuldast skadar i mjukvevet i nakken, t.d. i leddband, bindevev og musklar.

Den vanlegaste årsaka til nakkeslengskadar er trafikkulukker der ein bil blir påkøyrt bakfrå. Men slike skadar kan også oppstå ved fall på sykkel, ski eller snøbrett og i stupeulukker og andre ulukker der hovudet blir utsett for sterke krefter. Dei fleste nakkeslengskadar er små og går over etter nokre veker eller månader. Nakkeslengsskadar har auka sterkt sidan 1980 og utgjer om lag 40 prosent av alle personskadar i trafikken. Dei har også ført til mange forsikrings- og erstatningssaker. Sidan det har vore vanskeleg å finna objektive bevis for skadane, har slike saker ført til mykje strid. Også i dei medisinske fagmiljøa er det svært ulike oppfatningar både når det gjeld årsaker, diagnosar og behandling.

I aviser og daglegtale blir nakkesleng nytta synonymt med nakkeslengskade. I faglitteraturen er det vanleg å la nakkesleng stå for sjølve skademekanismen, den rørsla som fører til skaden. Den engelske nemninga whiplash er også mykje brukt.

Definisjon og klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Quebec Task Force lanserte i 1995 omgrepet Whiplash Associated Disorders (WAD) for nakkeslengskade. Dei gav følgjande definisjon: «Nakkesleng er ein akselerasjons-deselerasjons-mekanisme som overfører energi til nakken. Dette kan koma av påkøyrsler med motorkøyretøy bakfrå eller frå sida, men kan også skje ved stuping eller andre ulukker. Hendinga kan føra til bein- og/eller mjukvevsskade, som i sin tur kan gje seg utslag i eit mangfald av kliniske manifestasjonar.»[1]

Quebec Task Force delte inn skadane i fire grader ut frå subjektive og objektive funn, men rapporten omhandla ikkje diagnostikk eller behandling av dei alvorlegaste skadane av grad 3 og 4:

  • Grad 1 Nakkesmerter, stivheit eller ømheit, men ingen fysikalske teikn.
  • Grad 2 Nakkeplager og teikn frå muskel- og skjelettapparatet (t.d. minka rørsle og trykkømme punkt).
  • Grad 3 Nakkeplager og nevrologiske teikn (t.d. utsløkte eller svekka refleksar, svekka kraft og/eller følelse).
  • Grad 4 Nakkeplager og brot/forskyvningar.
  • Andre symptom som svimmelheit, øyresus, hovudverk, minnetap, sveljevanskar og kjevesmerter kan førekoma i alle grader.[2]

Definisjonane og graderingane frå Quebec Task Force har hatt stort gjennomslag internasjonalt, og har også blitt lagt til grunn av norske legar.

Quebec Task Force sette den akutte fasen av nakkeslengskadar til seks månader. Ut over dette vert symptoma rekna som kroniske, på engelsk kalla the late whiplash syndrome. Nokre norske legar har foreslått å setja grensa til tre månader og rekna symptom som varer lengre som kroniske.

SMM-rapport Nr.5/2000 – Nakkeslengskade Rapporten frå SMM-utvalet nytta graderingane frå QTF og diagnosar frå ICD-10. På same vis som QTF omhandla rapporten berre dei letteste skadane av grad 1 og 2. Dette er heilt i samsvar med diagnosen S13.4 frå ICD-10- Nakkeslengskade. TABELL 10 Diagnoser og anbefalt helsenivå i akuttfasen

Tabellen for WAD skadegrader

Klinisk utreiing av nakkeslengskade[endre | endre wikiteksten]

Under dette punktet skriv SMM-utvalet at sjølv om dei alvorlegaste skadane som hodeskadar, ryggmargskadar, rotaffeksjonar, brotskadar og luksasjonsskadar er sjeldne, så må dei utelukkast gjennom grundig diagnostikk før ein kan slå fast at det dreier seg om lette nakkeslengskadar med god prognose. For slik diagnostikk er det naudsynt med funksjonsundersøkelser med billeddiagnostiske metoder som til dømes funksjonsrøntgen, funskjsons-CT og funksjons-MRI WAD I og II - nakkeslengskade - er derfor nemninga ein står att med etter at dei alvorlegaste skadane er utelukka gjennom grundig diagnostikk (fig 2)

Utredning i akuttfasen

Kronisk nakkeslengsyndrom[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet kronisk nakkeslengsyndrom gjeld smerter og symptom som held fram - etter at dei lette overstrekkskadane på leddband og musklar reint biologisk skulle vore hela. Under føresetnad av at dei alvorlegaste skadane er utelukka ved kvalifisert diagnostikk, er det ikkje urimeleg å tru at smerter/symptom kan ha årsaka si i psykologiske eller sosiale forhold. Denne føresetnaden gjeld diverre berre for pasientar som vert frakta direkte til et akuttmottak etter skade. For akuttskadar finst det klåre retningslinjer for diagnostikk og behandling. Slike retningslinjer finst ikkje i primærhelsetenesta, og dei fleste får difor ikkje den diagnostiske avklåringa som SMM-rapporten legg til grunn. Det er i særleg grad pasientar med heilt eller delvis avrivne leddband og instabilitet som blir ramma av dette. Desse pasientane blir vurderte som nakkeslengskadde med psykiske problem, mens dei i realiteten har udiagnostiserte skader av alvorlegaste skadegrad.[treng kjelde]

Symptom[endre | endre wikiteksten]

Dei første symptoma er vanlegvis øm og stiv nakke, og ein merkar dei ofte like etter ulukka. I løpet av dei første dagane kan plagene bli meir omfattande. Ein bør i alle tilfelle kontakta lege så snart som råd, både for å få rett behandling og for å sikra dokumentasjon dersom det er aktuelt med erstatningssaker eller forsikringsutbetalingar. Vanlege symptom ved nakkeslengskade er:

  • Smerter i nakken
  • Stive musklar og redusert rørsle i nakken
  • Hovudverk
  • At ein er svimren
  • Synsproblem
  • Øyresus
  • At ein kjenner ser nummen, kraftlaus, at det prikkar og/eller stikk i aksler, armar eller hender
  • Konsentrasjonsvanskar og irritabilitet
  • Svevnvanskar

Diagnose[endre | endre wikiteksten]

Diagnostisering av nakkeslengskadar byggjer på pasienten si eiga sjukehistorie og føreset at alvorlegare skader er utelukka. Er det mistanke om brot eller forskyvningar i nakkevirvlane, er det viktig med funksjon radiologi for å få avklart om skadane er stabile eller instabile. Det har synt seg at ein kan oppdaga fleire brot med MR enn med røntgen. Når det gjeld nakkeslengskadar av grad 1 eller 2, manglar ein framleis sikre objektive kriterium for å stilla diagnosar. Det blir forska på dette i mange land, men resultata er omdiskuterte.

  • Radiologen Jostein Kråkenes lanserte i 2004 ein metode for å avdekka skadar på leddbanda i den øvre delen av nakken. Ved hjelp av MR-bilete syntest det råd å klassifisera bandskadane etter kor alvorlege dei var. Seinare studiar har likevel gått mot dette lovande forsøket.[3]
  • Per Holck, professor i anatomi, skreiv i ein artikkel i 2010 om objektive langtidsverknader av nakkeslengskade. Han peika på at halsvirvelsøyla er ein svak og utsett del av kroppen. Ho er særleg sårbar for krefter som verkar på tvers av lengdeaksen. Stabiliteten blir særleg ivareteken av mjukvevet. Mjukvevsskadar, særleg i leddband og mellomvirvelskiver, kan føra til instabilitet og periostal reaksjon med seinare nydanning av bein. Ein bør vurdera slike lokale, avgrensa nydanningar med samtidig skivereduksjon innan berre eitt segment som teikn på reell skade.[4]

Prognose[endre | endre wikiteksten]

Behandling[endre | endre wikiteksten]

  • Tidleg mobilisering, det vil seie at ein bøyer nakken mange gonger per dag innanfor smertefritt område kan motverka at nakken stivnar til. Ein fysioterapeut kan gje råd om gode øvingar.
  • Ei terapipute kan gje nakken støtte medan ein kviler eller søv.
  • Den skadde blir rådd til å koma attende til normalt aktivitesnivå så snart ein kjenner seg i stand til det.
  • Ei behandlingsform som nokre tilrår er Neurac slyngebehandling for å normalisere det nevromuskulære systemet. Ein har sett at ved ein nakkeslengskade vert ofte dei indre stabiliserande musklane sett ut av spel og det blir ein ubalanse mellom indre og ytre muskulatur. Det ytre globale systemet prøver dermed å ta over stabiliserande funksjon, og blir difor ofte overbelasta. Dette kan føre til muskulære smerter og spenningshovudpine. Øvingar i slynger, som gjev ustødig underlag, kan vere med på å få i gang signalføring til indre stabiliseringsmuskulatur slik at denne blir «skrudd på» og det muskulære samarbeidet vert gjenoppretta.

Kor mange blir ramma?[endre | endre wikiteksten]

Påkøyrsel bakfrå er ei vanleg årsak til nakkeslengskadar.

Det finst ikkje noko systematisk registrering av nakkeslengskadar, og dei tala som finst er overslag. Senter for medisinsk metodevurdering (SMM) presenterte i ein rapport eit overslag på 2000 nakkeslengskadar årleg i trafikken i Noreg. Dette talet har seinare vore mykje brukt i offisielle framstillingar. SMM gjekk ut frå at talet på nakkeslengskadar utanfor trafikken var om lag like stort. Ut frå det skulle det til saman vera rundt 4000 nakkeslengskadar årleg i Noreg. SMM rekna elles med at skadetalet i trafikken var om lag like stort i Nederland, Sverige, Storbritannia og Canada, nemleg rundt 50 skadar per 100 000 personar per år.[1]

Forsikringsselskapet If opplyste til VG at 919 personar fekk nakkeslengskade etter påkøyrsel bakfrå hos dei i 2011. Selskapet hadde dette året ein marknadsdel på litt over 25 prosent. Om dei andre forsikringsselskapa hadde ein like stor del nakkeslengskadar, vil det seia at rundt 3600 personar fekk nakkeslengskade i bil i 2011.[5]

Overslaga over kor mange som får kronisk nakkeslengskade (symptom som varer meir enn seks månader) sprikjer kanskje endå meir enn for akutte skadar. SMM gjekk ut frå at 10 prosent av dei som får akutte symptom utviklar kronisk nakkeslengskade som påverkar funksjonsnivået i stor grad. Forsikringsselskapet If rekna med at rundt 40 prosent eller i underkant av 400 personar ville få kroniske problem hos dei i 2011. Om tala er tilsvarande for dei andre forsikringsselskapa, var det rundt 1600 personar som fekk kronisk nakkeslengskade i trafikken i 2011.

Nakkeslengskadar utgjer ein stor del av personskadane i trafikken. Ifølgje forsikringsselskapet If utgjer nakkeslengskadar heile 43 prosent. Dette er ein kraftig auke frå situasjonen rundt 1980, då nakkeslengskadar var så å seia ukjende. Ei viktig forklaring er auken i ulukker med påkøyrsler bakfrå. I 1983 var det 498 slike ulukker i Noreg. I 1992 var talet 1271, som representerer meir enn ei dobling på 10 år.[6]

Kvinner er sterkt overrepresenterte i nakkeslengstatistikken, syner eit studium det svenske forsikringsselskapet Folksam har gjort saman med Karolinska institutet. Ei av årsakene kan vera at krasjtestdokkene som blir nytta til å tryggleikstesta nye bilar liknar anatomisk mest på ein gjennomsnittleg mann.[5] Ifølgje forsikringsselskapet If har kvinnene utgjort ein større del av dei nakkeslengskadde enn mennene i mange år. I 2007 var kvinnedelen heile 30 prosent høgare enn mannsdelen. I 2011 fekk over 20 prosent fleire kvinner enn menn nakkesleng i Noreg.[5]

Rundt 3000 personar i Noreg er uføretrygda på grunn av kronisk nakkeslengskade.[7]

Den svenske whiplashkommisjonen publiserte i 2005 eit overslag over nakkeslengskadar i trafikken. Over 30 000 personar melder årleg om nakkeslengskadar etter trafikkulukker til forsikringsselskapa i Sverige. Dette tilsvarar over halvparten av alle melde trafikkskadar. Om lag 1500 personar får kvart år ein invaliditetsgrad på minst 10 prosent etter ulukka. Ein reknar med at minst 500 personar årleg blir heilt arbeidsuføre.[8]

Den danske sundhedsstyrelsen opplyser at 5-6000 personar årleg får nakkeslengskadar etter trafikkuhell i bil i Danmark. Av desse vil om lag 1200 personar ha nakkesmerter i meir enn seks månader. Tala er frå år 2000 og byggjer på personar som vart behandla på lokale helsesenter. I tillegg kjem personar som har nakkeslengskadar av andre grunnar eller melder seg til anna helsepersonell.[9]

Ei nyare undersøking som byggjer på skadedatabasen ved Norrlands Universitetssjukhus i Umeå syner at det i sjukehusdistriktet i perioden 2000-2009 var i snitt 235 nakkeslengskadar per 100 000 innbyggjarar i året på grunn av trafikkulukker. Talet på slike skadar var nokså stabilt i perioden, men gjekk svakt ned med ein prosent per år.

I år 2001 fekk 383 personar per 100 000 innbyggjarar akutte nakkeslengsskadar etter alle typar ulukker. 56 prosent av desse var menn, og gjennomsnittsalderen var så låg som 32 år. 61 prosent av skadane oppstod i trafikken, medan fallulukker stod for 14 prosent. Berre tre prosent av pasientane hadde brotskadar i nakken.

Dei pasientane som var i arbeidsfør alder, vart følgde opp etter fem år, og ein fann at om lag 50 prosent hadde funksjonsnedsetjing i varierande grad. Tre prosent hadde vore sjukmelde i heile perioden. Trafikkskadde var meir sjukemelde enn fallskadde, medan dei som hadde brotskadar i nakken ikkje var meir sjukemelde enn dei som hadde mjukvevsskadar.[10]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]