Hopp til innhald

Nanna Michelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nanna Michelet
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. juni 1894
Oslo kommune
Død

5. februar 1967 (72 år)

Yrke agronom
Far Simon Michelet
Mor Marie Michelet

Nanna Michelet (16. juni 18945. februar 1967) var ein norsk agronom og sosialarbeidar.

Nanna Michelet var dotter av kvinnesaksforkjemparen Marie Michelet og teologiprofessoren Simon Michelet. Ho var kalla opp etter mormora si Nanna Storjohann.[1] Både mormora og foreldra hennar var tilhengjarar av at kvinner skulle ta del i samfunnslivet, og var alle tre aktive innan velgjerdsarbeid og avhaldsrørsla.

Michelet hadde to systrer: Den eldre Bolette (Bodhild) Christine og den yngre Julie (Caroline Julie Magdalene). Bolette gifta seg i 1912 med den tyske presten Theodor Eduard Burkhardt og flytta til Tyskland. Julie Michelet blei tilsett ved The Art Institute of Chicago i 1925, og i 1931 opplyste jubileumsskriftet som blei gjeve ut i anledning 50-årsjubileet for studentkullet til faren, at Julie då hadde stillinga som «Keeper of Muhammedan Art» ved museet.[2]

Michelet studerte ved Landbrukshøgskolen på Ås, og blei i 1916 den fyrste kvinnelege landbrukskandidaten i Noreg.[3]

Sosialarbeid

[endre | endre wikiteksten]

Faren til Michelet grunnla i 1920 det såkalla «Studentersettlementet» i FossgårdenGrünerløkka i dåverande Kristiania.[4][5] I 1924 gjekk Nanna inn som leiar for Studentersettlementet.[6]

Bibliografi (utval)

[endre | endre wikiteksten]
  • Christian Müller : 17.4.1904 - 8.2.1933, Oslo (1934): et minneskrift om sosialarbeideren Christian Müller

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

I 1964 blei Nanna Michelet tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for sitt arbeid som settlementsleiar.[7]

  1. «Nanna Storjohann». Norsk biografisk leksikon (på norsk) (snl.no). Henta 24. april 2017. 
  2. «Michelet, Simon». Studentene fra 1881: fest- og minneskrift ved 50-års studenterjubileet 1931. Nationaltrykkeriet. 1931. s. 85. 
  3. «Michelet, Simon». Studentene fra 1881: fest- og minneskrift ved 50-års studenterjubileet 1931. Nationaltrykkeriet. 1931. s. 85. 
  4. «Michelet, Simon». Studentene fra 1881: fest- og minneskrift ved 50-års studenterjubileet 1931. Nationaltrykkeriet. 1931. s. 85. 
  5. «Michelet, Simon». Studentene fra 1881: fest- og minneskrift ved 50-års studenterjubileet 1931. Nationaltrykkeriet. 1931. s. 83. «I 1920 fikk jeg grunnlagt studentersettlementet Fossgården.» 
  6. «Michelet, Simon». Studentene fra 1881: fest- og minneskrift ved 50-års studenterjubileet 1931. Nationaltrykkeriet. 1931. s. 85. 
  7. «Tildelinger av ordener og medaljer - Det norske kongehusets barnesider». www.kongehusetsbarnesider.no (på norsk). Henta 24. april 2017. «Nanna Michelet»