Nanook

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nanook of the North
Nanook of the north.jpg
OpphavslandUSA, Frankrike Edit this on Wikidata
Språkengelsk, ingen verdi
Sjangerdokumentarfilm, dramafilm, stumfilm
RegiRobert J. Flaherty Edit this on Wikidata
ManusRobert J. Flaherty, Frances H. Flaherty Edit this on Wikidata
MedverkandeBerry Kroeger Edit this on Wikidata
MusikkStanley Silverman Edit this on Wikidata
SjeffotografRobert J. Flaherty Edit this on Wikidata
FilmselskapRévillon Frères, Pathé Exchange Edit this on Wikidata
Lengd78 minutt Edit this on Wikidata

Nanook (Nanook of the North) er ein amerikansk stumfilm frå 1922 regissert av Robert J. Flaherty. Han vert rekna som den første heilaftans dokumentarfilmen i filmhistoria, med dramadokumentartrekk der nokre scener og roller er iscenesette. Handlinga går føre seg blant ei gruppe inuittar (også kalla eskimoar) i Canada. Filmen viser dei daglege gjeremåla deira, som jakt, fiske, matlaging osb.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Idé og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Frå 1910 reiste Robert J. Flaherty verda rundt med amerikanske selskap for å leita etter råstoff i undergrunnen. Då han jobba som prospekterar i eit jarnbanefirma i Canada etter 1910, rådde sjefen, sir William Mackenzie, han til å filma frå dei ulike ekspedisjonane han var på. Sjølv om Flaherty ikkje hadde noka røynsle med filmproduksjon frå før, synst han dette var ein god idé. I 1913 tok han med seg eit filmkamera då han drog ut i den kanadiske villmarka. I 1914-1915 filma han inuittlivet der.

På ein av stadene han vitja, trefte han inuitten Nanook og familien hans. Flaherty vart fascinert av desse menneska og utvikla ein venskap med dei, samstundes som han filma kvardagen deira.

Filmen brenn opp under redigeringa[endre | endre wikiteksten]

Flaherty følgde denne eskimofamilien fram til 1916. Etterpå måtte han redigera råfilmen. Då Flaherty nesten var ferdig, mista han ein sigarettglo på golvet, der det låg nokre filmstrimlar. Den sterkt brennbare nitratfilmen eksploderte, og heile huset gjekk opp i flammar. Flaherty fekk store brannskadar då han freista å redda filmen, men det nytta ikkje. Mange års arbeid gjekk tapt.[1]

Filmen vert spelt inn på nytt[endre | endre wikiteksten]

På sjukehuset såg han lysare på omstenda og fann ut at filmen kunne spelast inn på nytt. Då den fyrste verdskrigen var slutt og det franske pelsfirmaet Revillon Frères hadde gjeve økonomisk støtte, tok Flaherty med seg kameraet og drog attende til Nanook. Sidan Nanook var ein god ven av Flaherty og samstundes visste at kulturen hans var utryddingstruga, gjekk han gladeleg med på å spela inn filmen ein gong til. Flaherty hadde denne gongen laga eit manuskript og visste nøyaktig korleis han ville ha sluttresultatet.

Etter premieren[endre | endre wikiteksten]

Få månader etter premieren døydde Nanook. Flaherty hevda at han hadde døydd av svolt, men han døydde heime, mest truleg av tuberkulose.[2][3]

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Filmen vart ein suksess då han kom og har sidan stått som ein milepål i filmhistoria. Andre meiner på den andre sida at dokumentaren ikkje gjev eit riktig bilete av kvardagen til eskimofamilien, fordi nesten alle scenene er iscenesette av regissøren. Kvinnene som spela konene til Nanook var ikkje eigentleg gift med han, og barna i familien var ikkje hans barn.[4] Dessutan var det eigentlege namnet til Nanook Allakariallak. Flaherty insisterte også på at ein skulle bruka tradisjonelle klede, materiale og jaktvåpen i filmen, sjølv om mykje av dette allereie var blitt gammaldags i inuittsamfunnet.[5]

Flaherty forsvarte den negative kritikken med å seia at ein filmskapar må juksa for å fanga ånda til filmen. Dessutan var kameraa på denne tida tunge, store og vanskelege å flytte på, og difor var det heilt naudsynt å iscenesetja flesteparten av scenene. Eskimoane måtte i eitt tilfelle laga ein spesialbygd iglo, slik at det gjekk an å filma frå innsida av han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Barnouw, Erik (1993). Documentary:A History of the Non-Fiction Film. Oxford: Oxford University Press. s. 33–35. 
  2. Pamela R. Stern, Historical Dictionary of the Inuit (Lanham, MD:Scarecrow Press, 2004), p. 23.
  3. Robert J. Christopher, Robert and Frances Flaherty: A Documentary Life, 1883-1922 (Montréal and Kingston: McGill-Queen's University Press, 2005), s. 387-388
  4. Ebert, Roger, «Nanook of the North movie review (1922) | Roger Ebert», www.rogerebert.com (på engelsk), henta 7. mars 2020 
  5. Duncan, Dean W., «Nanook of the North», The Criterion Collection (på engelsk), henta 7. mars 2020 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Skare, Roswitha. "Nanook of the North (1922) – Zur Rolle paratextueller Elemente für das Verständnis des Film sin". Neohelicon (2010). DOI: 10.1007/s11059-010-0046-9