Eskimoar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå filmen Eskimo frå 1933

Eskimo er eit omgrep brukt om urfolk frå polarområda nord i Amerika, lengst aust i Russland og på Grønland. Det kan anten visa til alle folka som tradisjonelt heldt til i desse områda og snakkar eskimoisk-aleutiske språk, eller berre til inuittar som kjem frå Grønland og Nord-Amerika og talar inuittspråk. Namnet 'eskimo' er eit utgruppenamn, lånt inn som internasjonalt vandreord via fransk esquimaux, opphavleg frå innu ayas̆kimew, av uklar tyding, kanskje ‘person med truger' og først brukt om mikmaqar og huronar, seinare som samlenamn for inuittar, aleutar og yupikfolk.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eskimo, n. and adj.». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005.  (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.