Narvik
Narvik | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Narvik | ||
Areal | 6,75 km² | ||
Folketal | 14 261 (2017) | ||
Folketettleik | 2 113 / km² | ||
Innbyggjarnamn | narviking, narvikværing | ||
Preposisjon | i Narvik | ||
![]() Narvik | |||
Wikimedia Commons: Narvik (town) | |||
Narvik er ein by og administrasjonssenter i Narvik kommune i Nordland med 14 261 innbyggjarar per 1. januar 2017.
Narvik voks opp kring den isfrie hamna nytta for utskiping av jernmalm frå Kiruna i Sverige etter at eit britisk-svensk selskap byrja byggja Ofotbanen i 1883.[1] Narvik blei vedtatt oppretta som kjøpstad i 1901 med verknad frå 1902. Hovudnæring i byen var kenge knytt til transport, lagring og transittutskiping av jernmalm frå gruvene til Luossavaara-Kiirunavaara (LKAB) i Kiruna. Talet på arbeidsplassar knytt til dette har gjennom åra gått kraftig tilbake i samband med utviklinga av meir effektive utskipingsmetodar.[1]
Sentrum av byen ligg på halvøya mellom Rombaken og Beisfjorden. Det er delt i to av jernbaneområdet med utskipingsanlegg for jernmalm. Vest for jernbaneområdet ligg Frydenlund, medan Oscarsborg ligg i aust. I sør ligg bydelen Fagernes og vest for munningen av Beisfjorden ligg Ankenesstrand–Håkvik. Dei fleste noverande bygga er reist etter andre verdskrigen.[1]
Galleri[endre | endre wikiteksten]
-
Narvik rådhus
-
Ankeret til panserskipet «Norge» ved Nordland Røde Kors krigsminnemuseum.
-
Speglpyramiden Trinigon 3 i Narvik.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
