Nataša Pirc Musar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nataša Pirc Musar

Fødd9. mai 1968 (55 år)
Ljubljana
Statsborgar avSlovenia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia
Partipartilaus
Yrkejournalist, jurist, politikar, kommunikasjonsdirektør
Utdanna vedUniversitetet i Ljubljana
Universitetet i Wien
EktefelleAleš Musar
Alle verv
  • Slovenias president (2022–) Sjå dette på Wikidata

Nataša Pirc Musar (fødd 9. mai 1968) er ein slovensk advokat, journalist, forfattar og politikar som frå 23. desember 2022 har vore president i Slovenia. Ho har tidlegare hatt ei rolle som eit nasjonalt data/informasjonsombod[a] (2004–2014) og ho har vore president i den slovenske Raudekrossen (2015–2016).

I 2022 melde Pirc Musar sitt kandidatur til valet av president for republikken Slovenia og sigra i andre runde over motstandaren sin, Anže Logar. Ho blei vald som den fyrste kvinnelege presidenten i Slovenia. Ho tiltredde stillinga 23. desember 2022.[1] Etter den slovenske forfatninga har presidenten hovudsakleg ei seremoniell rolle.[2]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Nataša Pirc Musar blei fødd 9. mai 1968 i Ljubljana i det dåverande Jugoslavia.[3] Ho har studert juss ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Ljubliana. Etter eksamen i 1997, da ho også fekk advokatløyving, jobba ho i ulike fjernsynskanalar.[4] Frå 2001 var ho leiar for kommunikasjonsavdelinga i Aktiva Group.[5] Frå 2004 til 2014 var Pirc Musar data- og informasjonsombod ved den slovenske høgsteretten.[6]

Ho tok doktorgrad ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Wien i 2015.[7][8][9]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

23. juni 2022 kunngjorde Pirc Musar at ho stilte som uavhengig kandidat til presidentvalet som skulle finne stad 23. oktober 2022.[10][11] Ho var den fyrste som melde kandidaturet sitt, og fekk støtte frå dei tidlegare presidentane Milan Kučan og Danilo Türk.[12]

I den fyrste valomgangen i presidentvalet blei Pirc Musar nummer to med 26,88 % mot kandidaten Anže Logar frå Det slovenske demokratiske partiet, som fekk 33,95 % av røystene. I andre valomgang 13. november 2022 fekk Pirc Musar 53,89 %.[13] Ho blei tatt i eid som president 23. desember 2022.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Pirc Musar er gift med forretningsmannen Aleš Musar.[14][15]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Den slovenske tittelen er informacijske pooblaščenke, direkte omsett «informasjonskommisær».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Wahlkommission: Slowenen küren Pirc-Musar zur Präsidentin». www.zeit.de. 
  2. Oltermann, Philip (13. november 2022). «Nataša Pirc Musar to become Slovenia’s first female president». TheGuardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 22. november 2023. 
  3. «Aboutthe president». President of the Republic of Slovenia (på engelsk). Henta 22. november 2023. 
  4. «Življenjepis» (på slovensk). Nataša Pirc Musar – Kandidatka za predsednico. Arkivert frå originalen 31. august 2022. Henta 5. oktober 2023. 
  5. «Kdo je srčni izbranec Nataše Pirc Musar?». Metropolitan.si. 23. juni 2022. 
  6. «Zgodovina Informacijskega pooblaščenca – IPRS». www.ip-rs.si. 
  7. «dr. Nataša Pirc Musar» (på slovensk). Privacy Days. Arkivert frå originalen 1. desember 2022. Henta 5. oktober 2023. 
  8. «Nataša Pirc Musar». European Institution of Public Administration. Arkivert frå originalen 10. juli 2022. Henta 5. oktober 2023. 
  9. Oltermann, Philip (13. november 2022). «Nataša Pirc Musar to become Slovenia’s first female president». TheGuardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 22. november 2023. 
  10. «Nataša Pirc Musar bo v Ruski dači sporočila, ali bo kandidirala za predsednico države». siol.netspråk=slovensk. 
  11. Maček, Sebastijan R. (23. august 2022). «Former information commissioner top contender in Slovenia's presidential race». www.euractiv.com. 
  12. «Pirc Musar the first candidate to formally announce her presidential bid». rtvslo.si. 
  13. «Slovenia elects Natasa Pirc Musar to become first female president». Le Monde.fr. 13. november 2022. 
  14. Puš, Marko (8. september 2022). «PresidentialCandidate Pirc Musar’s Husband’s Old Sins Could Cost Her The Votes In Her Race Against The “Clean” Logar». Nova24TV English (på engelsk). Henta 22. november 2023. 
  15. «MayEYOF strengthen and promote the values of Olympism and intercultural dialogue». President of the Republic of Slovenia (på engelsk). Henta 22. november 2023.