Natal-kolonien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Natal (raud) si plassering i Afrika

Natal var ein britisk koloni i Søraust-Afrika. Kolonien vart danna 4. mai 1843, etter at regjeringa i Storbritannia hadde annektert boar-republikken Natalia. Den 31. mai 1910 vart kolonien slått saman med tre andre koloniar til Sør-Afrika-sambandet, og samstundes omgjort til provins. I dag heiter provinsen KwaZulu-Natal.

Opphavleg var kolonien om lag halvparten så stor som dagens provins, med nordgrense langs elvane Tugela og Buffalo. På hi sida elvane låg det sjølvstendige kongedømet Zululand.

Krass strid med zulu-folket leidde til evakuering av Durban. Pressa av britiske styrkar gav boerane i 1844 etter og aksepterte at Storbritannia tok over området. Ein britisk guvernør vart utnemnd og mange nybyggjarar emigrerte frå Europa, også nokre frå Noreg, til Natal og til Kapp-kolonien. Britar starta i 1860-åra opp med omfattande dyrking av sukkerrøyr. Då farm-eigarane hadde vanskar med å rekruttere zuluar til arbeid på plantasjane sine, skipa britane ut frå India tusenvis av indarar til kontraktsarbeid i sukkerrøyr-næringa i Natal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]