Sukkerrøyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sukkerrøyr
Sukkerrøyr
Sukkerrøyr
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Grasfamilien Poaceae
Underfamilie: Panicoideae
Stamme: Andropogoneae
Understamme: Saccharinae
Slekt: Saccharum
Art: Sukkerrøyr S. officinarum
Vitskapleg namn
Saccharum officinarum

Sukkerrøyr (Saccharum officinarum) er ein fleirårig stråvekst som høyrer til grasfamilien. Sukkerrøyr vert ofte fire meter høgt med fem cm breie stenglar, med kvasse bladkantar og ei meterlang vippe. Odla sortar består av ulike hybridar som ikkje blomstrar, formeiringa skjer ved å ta stiklingar av bestøva plantar. Etter skurd kan nye skot skyte fram opp til åtte gongar før det er behov for nyplanting.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Botanisk illustrasjon av planten.

Sukkerrøyr er ein fleirårig plante med rette, ugreina stenglar som veks saman i ei klynge. Stenglane kan bli opptil 5 meter høge og kan ha ulike fargar, som grøne, rosafarga eller lilla. Blada er grøne og sit alternerande på ledd på stengelen. Dei er rette og avlange med ei lengd på 30–60 cm og ein tjukkleik på 5 cm. Mellom ledda i stengelen sit ein fiberrik kvit marg i sukkerik sevje.

Blomane sit øvst på stenglane med ei lengd på opptil 60 cm. Dei er rosa duskar som er tjukkast ved stengelen og smalnar mot toppen. Fruktene er tørre og inneheld eitt frø kvar.[1][2] Ein hauster vanlegvis sukkerrøyr før planten blomstrar, ettersom blomstringa fører til ein reduksjon i sukkerinnhaldet.[3]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Sukkerrøyrpresse ved Frederiksted på St. Croix i Dei amerikanske jomfruøyane.

Or margen på stengelen vert det pressa ei sukkerhaldig saft som vert koka og sila. Margsafta inneheld 18–20 % sukker som vert bruk i produksjonen av røyrsukker.

I Søraust-Asia vert ferskpressa sukkerrøyrsaft seld frå små gatehandlar. På Ny-Guinea er sukkerrøyret ein viktig del av levemåten. Røyrbitar vert teke med som føde på jakt- og fisketurar, med blada av planten vert nytta til taktekking av hytter. I Vestindia byrja ein tidleg å destillere sukkersafta til ein alkoholhaldig drikk, kalla rom. Rom frå øya St. Lucia er kjend for å vere av verdsklasse. Ein aukande del av sukkerrøyra vert nytta til å framstille etanol som drivstoff, marknadsført som E85.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Sukkerrøyret er ein urgammal kulturvekst som har vorte spreidd til alle varme trakter på jordklota. Lenge vart India rekna for heimlandet til sukkerrøyret, men truleg stammar det frå Polynesia. På Ny-Guinea skal det ha oppstått for cirka 12 000 år sidan gjennom tidleg föredling av den vilt veksande arten Saccharum robustum.

Dyrkinga av sukkerrøyr vart spreidd frå India gjennom Nord-Afrika til Spania under på 600-talet, med sukker vart innført i Nord-Europa gjennom krosstoga. Christofer Columbus planta sukkerrøyr i Karibia, der plantene treivst og gav grunnlag for ein sterk økonomi. Sukkerrøyr var ei svært viktig inntektskjelde for Portugal1500-talet, som dyrka planten i stor skala i Brasil.

Napoleonskrigane førte til at røyrsukker ei tid var mangelvare, noko som gjorde at det vart utvikla ei metode for framstilling av sukker frå andre plantar (sukkerroe). Om lag 30 % av verdas forbruk av sukker kjem i dag frå sukkerroer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Saccharum officinarum». Kew Royal Botanic Gardens. Arkivert frå originalen 4. juni 2012. Henta 21. september 2012. 
  2. «Saccharum officinarum L.». FAO. Arkivert frå originalen 9. januar 2014. Henta 21. september 2012. 
  3. The Biology and Ecology of Sugarcane (Saccharum spp. hybrids) in Australia Arkivert 2016-10-20 ved Wayback Machine., Australian Government, Department of Health and Ageing, Office of the Gene Technology Regulator, 2004; s. 10.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sukkerrøyr