National Mall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
National Mall

ArkitektPierre Charles L'Enfant
Kart
National Mall
38°53′22″N 77°01′23″W / 38.889444444444°N 77.023055555556°W / 38.889444444444; -77.023055555556
Luftfoto av National Mall i Washington D.C. med «Lincolnmonumentet» fremst i biletet, deretter Reflecting Pool (reflekterande basseng), World War II Memorial, «Washington-monumentet» og United States Capitol, USAs føderale capitol og sete for Kongressen.
Foto: 2014

National Mall er eit stort grøntområde i Washington, D.C. som strekkjer seg frå Capitol i nord ned via Washingtonmonumentet til Jefferson Memorial ved Potomac-elva. I aust/vestleg retning strekkjer National Mall seg frå John F. Kennedy Center for the Performing Arts via Washingtonmonumentet til Capitol Hill.

I området sør og austom Washingtonmonument er dei fleste av monumenta over amerikanske presidentar, til dømes Lincolnmonumentet, Franklin Delano Roosevelt Memorial, National World War II Memorial, Korean War Memorial, Vietnam War Veteran Memorial og Albert Einstein Memorial.

Mellom Washington Monument og Capitol er Smithsonian Institution med fleire ulike museum.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tanken bak den nasjonale alleen vart opphavleg frå Pierre Charles L'Enfant, ein franskfødd amerikansk arkitekt og sivilingeniør. Planane hans for byen Washington, DC vart skapt i 1791. Likevel vart ideane hans fyrst realiserte på byrjinga av 1900-talet med McMillans kommisjonplan som òg var inspirert av City Beautiful movement, ein progreessiv arkitektonisk byforskjønningsrørsle. Blant anna innebar planen til McMillan å flytta hovudjarnbana frå ein stad på National Mall til den noverande plasseringa hans ved Union Station.

Den amerikanske kongressen godkjende lova Reserve Act i 2003 for å innskrenka ytterlegare konstruksjonar på National Mall.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: National Mall