Natsjalnik Kamtsjatki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Natsjalnik Kamtsjatki
Studioalbum av Kino
Utgjeve 1984
Innspelt 1983-1984
Sjanger Russisk rock, postpunk, new wave
Lengd 38:09
Selskap Moroz
Produsent Andrej Tropillo
Kino-kronologi
45
(1982)
Natsjalnik Kamtsjatki Eto Ne Ljubov
(1985)


Natsjalnik Kamtsjatki (Начальник Камчатки — Mesteren av Kamtsjatka) er eit album av det russiske bandet Kino frå 1984. Kamtsjatka i tittelen var eit russisk slanguttrykk for fyrrommet i bygningar. Viktor Tsoj, frontfiguren i Kino, arbeida i eit slikt fyrrom, og Mesteren er her ein referanse til han sjølv.

Viktor Tsoj grunnla Kino i 1981, og byrja på tida då albumet kom ut og danne stamma i det som skulle bli Kino resten av tida dei heldt saman. Med seg på dette albumet har Tsoj i tillegg med seg fleire personar frå musikkgruppa Akvarium, som han hadde på det første albumet 45. I motsetnad til det første albumet var dette albumet langt mindre akustisk, og stilmessig er dette langt inne i postpunk-land, og i stil mykje likt band som Joy Division. «Trollejbus» og «Kazjduju Notsj» har derimot ein meir reggaeliknande takt, meir som The Police og The Clash heldt på med få år tidlegare, medan «Rastopite Sneg» ikkje ligg langt unna Talking Heads.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Последний Герой» (Poslednij Geroj — Den siste helten)
  2. «Каждую Ночь» (Kazjduju Notsj — Kvar natt)
  3. «Транквилизатор» (Trankvilizator — Berolegande middel)
  4. «Сюжет для Новой Песни» (Siuzjet dlja Novoj Pesni — Tema for ein ny song)
  5. «Гость» (Gost — Gjest)
  6. «Камчатка» (Kamtsjatka)
  7. «Ария Мистера Х» (Arija Mistera X — Arie for Mr. X)
  8. «Троллейбус» (Trollejbus — Trollybuss)
  9. «Растопите Снег» (Rastopite Sneg — Smelt snøen)
  10. «Дождь для Нас» (Dozjd dlja Nas — Regn for oss)
  11. «Хочу Быть с Тобой» (Khotsju Byt s Toboj — Vil vere med deg)
  12. «Генерал» (General)
  13. «Прогулка Романтика» (Progulka Romantika — Romantikaren sin spasertur)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Viktor Tsoj - Vokal, gitar
  • Jurij Kasparjan - Gitar
  • Aleksandr Titov - Bassgitar og perkusjon
  • Boris Grebensjtsjikov - Trommemaskin, tangentinstrument
  • Sergeij Kurjokhin - Tangentinstrument
  • Petr Trosjtsjenkov - Perkusjon
  • Vsevolod Gakkel - Cello, trommer
  • Georgij Gurjanov - Perkusjon
  • Igor Butman - Saksofon