Boris Grebensjtsjikov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Boris Grebensjtsjikov
Boris Grebenshchikov.jpg
Fødd27. november 1953 (65 år)
FødestadSt. Petersburg
FødenamnБорис Борисович Гребенщиков, Boris Borisovitsj Grebensjtsjikov
AliasBG
OpphavRussland, Sovjetunionen
SjangerRock
Blues
Instrumentgitar
Tilknytte artistarAkvarium
Verka somskodespelar, lyrikar, songar, skribent, komponist, radioprogramleiar, songtekstforfattar, gitarist, arrangementvert, Klaverspelar, multiinstrumentalist, forleggjar, produsent, filmmusikkomponist, journalist, rockemusiker, matematikar, musikkprodusent
BornAlisa Grebenshchikova
Prisar4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet

Boris Borisovitsj Grebensjtsjikov (fødd 27. november 1953 i Leningrad) er ein russisk musikar, ein av dei mest framtredande i ein generasjon rekna som «grunnleggjarane» av russisk rockemusikk. Han er velkjend i Russland både på grunn av sine personlege bidrag til musikken og den frå rockegruppa Akvarium, ei populær gruppe grunnlagd i 1972 som har vore verksam sidan. Boris Grebensjtsjikov er også kjend som berre BG (russisk БГ) etter initialane sine. Han er også blitt kalla «bestefar av russisk rock».[1][2]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Boris Grebensjtsjikov i Oslo, mai 2015.

Boris Grebensjtsjikov blei fødd i 1953 i Leningrad (dagens St. Petersburg) i Sovjetunionen, dagens Russland. I 1972 stifta han rockegruppa Akvarium saman med barndomsvenen sin Anatolij «George» Gunitskij som ei form for postmodernistisk teatersentrisk rockeframføring som involverte poesi saman med musikk. Gunitskij stod for absurdisk, svær symbolsk lyrikk til ein del av Grebensjtsjikov sine tidlegaste songar.

Grebensjtsjikov blei teken opp ved det Statsuniversitetet i Leningrad, og tok embetseksamen i anvendt matematikk. Studietida var likevel mest fylt av musikk og kultur. I tenåra hadde han vore oppteken av The Beatles, seinare voks interessa for Bob Dylan. Akvarium gjekk gradvis over til å vera eit elektrisk bluesband som tidvis også spelte akustisk reggae. Den første songen Grebensjtsjikov skal ha fått til å spela på gitar var «Ticket to Ride» av The Beatles. Ved den første offentlege opptredenen sin i 1973 spelte han songar av Cat Stevens.

Dei første seks åra av tilveret til Akvarium bar preg av at Grebensjtsjikov og dei andre medlemmene levde eit slags sovjetisk hippieliv. Dei spelte uformelle konsertar i leilegheiter, drakk billig vin, og reiste rundt for å spela, tidvis ved å snika seg på tog. Slik uproduktiv, «vestleg» oppførsle blei uglesett av kommunistpartiet. Eksperimentell musikk utanfor standarden blei heller ikkje godteke, og gruppa hadde dermed ikkje sjanse til å få tilgang til godt innspelingsutstyr.

I staden blei det gjort heimeinnspelingar med lydbandopptakar til følgjande album: Iskusjenie Svjatogo Akvariuma (St. Akvarium si freisting), Menuet Zemledeltsu (Minuett for ein bonde), Prittsji Grafa Diffuzora (Parablane til Graf Diffusor) og ei brokete rekkje «singlar». På grunn av tilhøva var innspelingane svært uprofesjonelle, men dei viste likevel Grebensjtsjikov si sterke interesse for orientalsk mystikk som kom til å bli hans varemerke. I 1976 spelte han inn eit soloalbum, S toj storony zerkal'nogo stekla ('På andre sida av spegelen'), og eit duettalbum med ein annen framståande russisk rockemusikar, Mike Naumenko: Vse bratja – siostry ('Alle brør - systrer').

I 1980 fekk Akvarium eit slags gjennombrot då dei blei inviterte til å spela på den offisielt arrangerte musikktevlinga eller rockefestivalen i Tbilisi. Opptredenen til gruppa blei rekna som sjokkerande av statsapparatet, og gruppa blei så godt som forboden. Dei klarte likevel å arrangera ein ny konsert som blei filma av eit finsk fjernsynsteam. Delar av opptaket blei brukt i ein film om rockefestivalen kalla Soviet Rock.[3]

Etter hendingane i Tbilisi mista Grebensjtsjikov jobben sin i eit designbyrå og medlemskapen i Komsomol, det unge kommunistiske forbundet. Dette betydde at han hadde svært liten sjanse for ein vidare jobbkarriere i Sovjetunionen. Akvarium fekk derimot ein høg profil som eit undergrunnsband i Sovjetunionen. Den første musikken frå Akvarium som blei kjend i USA var på eit dobbeltalbum frå 1986 med tittelen Red Wave, 4 Underground Bands From The USSR. Dette blei gjeve ut i California, og inneheldt musikk frå Akvarium og andre sovjetiske undergrunnsgrupper som Kino og Alisa, som alle var blitt hindra frå å spela inn album i Sovjetunionen.

I august 1988 gav BG ut det engelskspråklege albumet Radio Silence i USA og Storbritannia. Seinare på hausten og vinteren spela Akvarium enkelte konsertar, men Grebensjtsjikov drog oftare og oftare til USA på eiga hand og heldt solokonsertar, og Akvarium gleid inn i ein lengre pause. «Radio Silence» kom ut i USA og Europa sommaren 1989. Både Gakkel og Djusja Romanov var med på albumet, men det vart gjeve ut som eit Grebensjtsjikov-album, og ikkje som eit Akvarium-album. Michael Apted laga ein dokumentar om innspelinga av albumet kalla «The Long Way Home», som vart vist på MTV i 1989. Albumet var produsert av David A. Stewart (frå Eurythmics) med blant anna Annie Lennox som kordame.

I 1989 spelte Grebensjtsjikov inn filmmusikk for filmane Zolotoj Son av Sergej Debizjeva og Tsjiornaja roza - emblema petsjali, krasnaja roza - emblema ljubvi av Sergej Solovjova under namnet «Russko-Abissinskij Orkestr». I 1990 spela han inn sitt andre engelskspråklege album Radio London med Dave Stewart.

Då Akvarium blei oppløyst i 1991 hadde gruppa 11 «offisielle» albumutgjevingar og var rekna som ei legende innan russisk rock. Grebensjtsjikov blei likna med Bob Dylan, ikkje minst på grunn av den liknande stilen. Då Grebensjtsjikov vende tilbake til Russland det året danna han BG-band, som eigentleg berre var Akvarium med nytt namn og nye musikarar. I løpet av 1992 spelte BG-band inn og gav ut albumet Russkij Albom (Det russiske albumet). Albumet består akustiske viser og akustisk viserock med røter til russiske folkemusikk, og med meir religiøse tekstar som på songane «Nikita Rjazanskij» og «Koni Bespredela». Albumet vert av mange rekna som eit Akvarium-album, men på omslaget står det berre BG, så det kan òg reknast som eit soloalbum av Grebensjtsjikov . Uansett vert albumet av mange rekna som eit av dei finaste album Grebensjtsjikov har laga (både solo og Akvarium).

I 1992 blei det danna eit «nytt» Akvarium med to medlemmar frå det «gamle» Akvarium, BG og Titov, og eit medlem frå BG-Band (Sakmarov). I 1994 kom albumet Kostroma mon amour ut, som følgde opp den russiske visetradisjonen med akustiske viser og balladar. Tittelsongen her er mellom anne ein hyllest til den russiske landsbygda, medan opningssporet «Russkaja Nirvana» viser Grebensjtsjikov si aukande interesse for buddhisme. Grebensjtsjikov var svært produktiv dette året, og i tillegg til to Akvarium-plater gav han ut to soloalbum, Pesni Aleksandra Vertinskogo og Zadushevnyje Pesni.

I 1997 reiste Grebensjtsjikov igjen til vesten, og denne gongen til USA og New York, der han spelte fleire konsertar i lag med The Band (som spelte mykje Bob Dylan på 1960- og 1970-talet) og laga albumet Lilit. Albumet vart spelt inn både i ein engelsk- og ein russiskspråkleg versjon.

I 1998 gav Grebensjtsjikov ut tre album i rask rekkefølgje: Pribezjisjtsje, eit etnisk album laga i lag med Gabrielle Roth & The Mirrors, Boris Grebensjtsjikov i Deadusjki, eit industrielt album med nye miksar av gamle Akvarium-songar, og Molitva i Post, eit konsertalbum som opphavleg berre blei gjeve ut på Internett. I mai 1999 gav han ut soloalbumet Boris Grebensjtsjikov pojot pesni Bulata Okudzjavy, songar av Bulat Okudzjava.

I januar 2002 kom det 13. soloalbumet til Grebensjtsjikov kalla Pereprava, som han igjen laga i lag med Gabrielle Roth & The Mirrors. Albumet er nye miksar av songane frå albuemt Bardo som vart gjeve ut under Akvarium-psevdonymet Russko-Abissinskogo Orekstra i 1997. I samband med Grebensjtsjikov sin 50-årsdag i 2003 kom det ut eit eit dobbelt samlealbum kalla 50 BG i eit opplag på berre 300 eksemplar. I 2004 kom det 14. soloalbumet til BG ut, Vez Slov, der han flytta seg inn på japanske og kinesiske tema i musikken.

Grebensjtsjikov har skrive over 500 songar i løpet av karrieren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Russian Rock Legend Boris Grebenshikov Crowdfunds New Record», Global Voices 2. september 2015
  2. «Boris Grebenshikov and Aquarium in DC!», Russian Washington-Baltimore 14. mai 2015
  3. Walter Gerald Moss. A History Of Russia: Since 1855, Volume 2. Anthem Series on Russian, East European and Eurasian Studies. Anthem Press, 2004. 643 pages.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]