Naturleg drepecelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Naturlege drepeceller eller NK-celler er ein type cytotoksiske lymfocyttar som er viktige for det medfødde immunsystemet. Rolla til NK-cellene er analog til den hjå cytotoksiske T-celler i det adaptive immunsystemet hjå ryggbeinsdyr. NK-celler responderer snøgt på virusinfiserte celler og tumorvekst, og byrjar kring 3 dagar etter infeksjon. Kvite blodceller reagerer på vevstypeantigen (MHC) på celleoverflata og set fart i utsleppet av cytokin, som ender i lysering og apoptose. NK-celler er unike fordi dei er i stand til å kjenne att stressa celler i fråveret av antistoff og MHC, som gjev ein mykje snøggare immunreaksjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]