Nebrodi

Koordinatar: 37°54′N 14°35′E / 37.900°N 14.583°E / 37.900; 14.583
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rocche del Crasto sett frå Ficarra.

Nebrodi er ei fjellkjede som går langs nordaustkysten av Sicilia. I lag med Madonie og Peloritani dannar ho Dei sicilianske Apenninane.

Fjella går frå Peloritani aust på øya til foten av Madoniefjella i vest mot Tyrrenhavet i nord. Etna, som ligg på andre sida av elvane Alcantara og Simeto, dannar den sørlege grensa. Den høgaste toppen er Monte Soro (1 817 m). Fjellkjeda består hovudsakleg av sandstein og leire, men inneheld òg kalksteinslandskap, som Rocche del Crasto. Av byar i fjella finn ein Troina, Nicosia, Mistretta og fleire andre i provinsen Messina.

Parco dei Nebrodi[endre | endre wikiteksten]

I 1993 vart store delar av Nebrodifjella omgjort til ein nasjonalpark. Parken dekkjer 856,87 km².

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Nebrodi frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • bestofsiciliy.com
  • messina-sicilia.it
  • 37°54′N 14°35′E / 37.900°N 14.583°E / 37.900; 14.583